Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Endra reglar for foreldrebetaling i barnehage

Frå 01.05.2015 har familiar/husstandar rett til ikkje å betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Dette er ei søknadsbasert ordning. Søknader om redusert foreldrebetaling må sendast til NAV Samnanger. 


I 2017 vert maksimalprisen for barnehageplass 2 730 kroner per månad.

Ordninga med redusert foreldrebetaling er som nemnt ovanfor søknadsbasert. Det er familien/husstanden sjølv som må søkja om redusert foreldrebetaling. Dette er ikkje noko ein får automatisk. Dersom husstanden si totale årsinntekt er lågare enn 500 500 kroner per år, så er det aktuelt å søkja om redusert foreldrebetaling. Søknadsskjema finn du ved å gå inn på lenka nedanfor. Sjølvmelding må leggjast ved søknaden.

Søknad om redusert foreldrebetaling må sendast seinast den 10. i månaden. Dersom søknaden vert innvilga, vil den reduserte foreldrebetalinga gjelda frå den påfølgjande månaden.

Dersom du har spørsmål om reglane for redusert foreldrebetaling, kan du ta kontakt med NAV Samnanger v/Lisbeth Aadland på telefon 55553333.  

 

 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.08.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering