Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Forfallsdatoar for kommunale avgifter/gebyr og andre krav

Kommunale avgifter omfattar vass- og kloakkavgift,  tømmeavgift, reinhaldsavgift og feieavgift.  

Andre kommunale krav omfattar betaling for kulturskule, SFO, barnehage, heimehjelp, sal av middagar, tryggleiksalarmar og husleige i kommunale bustader.

Forfall kommunale avgifter
(vass- og kloakkavgift,  tømmeavgift, reinhaldsavgift og feieavgift)

AvgiftsartForfall

Kommunale avgifter 1. termin

20. februar

Kommunale avgifter 2. termin

20. mai

Kommunale avgifter 3. termin

20. august

Kommunale avgifter 4. termin

20. november

 
Kommunestyret har fastsett at dei kommunale avgiftene skal betalast i 4 terminar. Dersom du har vanskar med å betale avgifta, ta kontakt med kommunekassen før forfall, så hjelper vi til med å finna ei løysing alle kan leve med. Ubetalt avgift kan trekkjast i løn, pensjon eller tilgodebeløp ved skatteoppgjeret. I tillegg kan eigedomen seljast på tvangssal eller vi kan ta pant  i og selje andre formuesobjekt. Det siste prøver vi i lengste laget å unngå.




Forfall andre kommunale krav

AvgiftsartForfall

Husleige kommunale bustader

20. i kvar månad

SFO og barnehage

Ca. 22. i månaden

Heimehjelp, middagar og alarmar

Ca. 22. i månaden

 
Me presiserer at rekningane på heimehjelp, middagar og alarmar vert sendt ut etterskotsvis, det vil sei at  rekninga med forfall i september gjeld varer eller tenester levert i juli.


Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.04.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 31
E-post :
nina.erdal@samnanger.kommune.no
Tittel :
Økonomisjef
Bunnhjørne
Hovudside (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering