Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Mindre restavfall i Samnanger i 2010

BIR rapporterer at i fjor minka mengda restavfall levert i Samnanger med 92 tonn. Det er ei fin utvikling, og det å laga lite boss er eit viktig miljøbidrag frå hushalda.

Samningane tømte bosspanna sine 18 125 gonger, ein nedgong på tre prosent frå 2009.

Også mengda levert papir, papp og drikkekartong minka, det vart levert 4 tonn mindre papir i 2010 i høve til året før. Det er ei generell trend at mengda papir går ned, og dette er det samansette årsaker til. Finanskrisa førte mellom anna til ein nedgang i reklamedistribusjon til hushalda. I tillegg mottek folk mindre brev og rekningar i papirform, og færre telefonkatalogar vert distribuert.

Talet på leverte plastsekkar auka med ni prosent frå 2009 til 2010, medan den totale mengda heldt seg stabil. Det kan tyda på at fleire hushald er komne i gong med å kjeldesortera plastemballasjen sin, men at folk har fylt sekkane mindre fulle enn året før.

Når det gjeld glas, metall og farleg avfall leverte samningane omtrent same mengd i 2010 som i 2009.

Europakommisjonen la i januar fram ein rapport som ser på status for gjennomføring av avfallspolitikken i EU dei siste fem åra. Ein av tinga rapporten peikar på er ein tendens til fråkopling mellom økonomisk vekst og forbruk samanlikna med mengdene avfall som oppstår. Medan mengda avfall har auka jamt med den økonomiske veksten sidan etterkrigstida, viser rapporten at veksten av avfall no er mindre enn den økonomiske veksten målt i BNP. Om det er dette ein ser no med BIR-bosset så er det svært gledeleg nyhende for miljøet vårt.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.02.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering