Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kriteria for tildeling av husnummer

I tildelinga av husnummer har Samnanger kommune følgt mønsterforskrifter utarbeidd av Statens kartverk m/fleire. Her står det mellom anna:

Det skal nyttast ulike tal på høgre og like tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.

Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg 400 m frå der vegen startar gjev nummer 40.



I "tettbygde strok" (til dømes i bustadfelt) vert oftast ikkje 10-metersregelen brukt. Her vert normalt hus og leilegheiter nummererte omtrent i rekkefølgje, det vil seia at ein begynnar med husnummer 2, 4, 6 etc. på den eine sida av vegen, og 1, 3, 5 etc på den andre. Det er i ein del høve nødvendig å tilpassa nummereringa litt.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.08.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenesteeining/avdeling (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering