Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Reglar for utsjånad og plassering av husnummerskilt

Eigar/festar av eigedomen pliktar å kosta, setja opp og halda vedlike skilta. Nummerskilta skal plasserast på ein måte som tydeleg fortel kva bygg/eigedom dei knyter seg til og ha form og utføring i samsvar med § 59 i Matrikkelforskriftene.

Skilta skal ha ei teksthøgde på 105 mm, skilthøgde på 150 mm og skiltbreidde på 155, 220 og 280 mm for ein-, to- eller tresifra tal. Denne utforminga er tilrådd frå redningsetatane si side.

Skilta skal ha svart bord langs kanten og vera med svarte bokstavar på kvit reflekterande bakgrunn (Refleks klasse 1). Skilta skal vera lett synlege frå gate eller veg, og haldast reine og heile med tydelege tal. Dei skal som hovudregel stå 2,5 m over bakken, og så vidt mogeleg til høgre for ytre hovudinngangsdør. Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgde på port, inngjerding, stolpe eller annan eigna stad, og som regel til høgre for inngang/innkjøring.

Eksempel på husnummerskilt
Eksempel på husnummerskilt
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.07.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenesteeining/avdeling (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering