Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Finansiering

Husbanken tilbyr ulike ordningar for finansiering av kjøp og tilpassing av bustad, mellom anna:

  • Tilskot til tilpassing av bustad
  • Startlån
  • Tilskot til bustadetablering


Meir informasjon om desse ordningane finn du nedanfor.

Tilskot til tilpassing av bustad
Dersom du treng økonomisk stønad for tilpassing av bustaden din, slik at du fortsatt kan bli buande der, kan du søkje kommunen din om tilskot til dette.

Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli buande heime lenger ved å få tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing kan gjere dette mogeleg. Det er god samfunnsøkonomi også.

Tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpe deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

Kommunane vil ikkje nytte absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal vere ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

Ved planlegging av større ombygnader kan det være smart å først søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering. Gå inn på lenkene nedanfor eller ta kontakt med NAV-kontoret for nærare informasjon.



Startlån
Startlån frå Husbanken er ei låneordning for dei som ikkje får lån i bank. Det er ikkje ei rettigheitsordning, men behovsprøvd ut frå økonomi og behov for bustad.

For unge i etableringsfasen kan startlån brukast til toppfinansiering der andre kredittinstitusjonar har grunnfinansieringa.

For å søkja om startlån kan du ta kontakt med NAV-kontoret. Der vil du få hjelp og rettleiing til utfylling av søknadsskjema og innhenting av naudsynte vedlegg.

Husbanken har og stønads-/tilskotsordningar i samband med bustad, til dømes til etablering i eigen bustad og utbetring av bustad.

Gå inn på lenka nedanfor eller ta kontakt med NAV-kontoret for nærare informasjon.


Tilskot til bustadetablering
Dette er eit tilskot som skal medverka til etablering i eigen bustad og til å sikra eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Det er berre dei mest økonomisk vanskelegstilte som kan få tilskot. Med vanskelegstilte meiner ein mellom anna bustadlause, rusmiddelavhengige, flyktningar, personar med nedsett funksjonsevne.

Det er kommunen som tildelar tilskot til enkeltpersonar. Søknad skal sendast til kommunen, men ein skal bruka Husbanken sitt søknadsskjema.

Gå inn på lenkene nedanfor eller ta kontakt med NAV-kontoret for nærare informasjon.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 03.12.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteskildringar (2)
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering