Både offentlege og private verksemder brukar opplysningar frå folkeregisteret, og det er difor viktig at du melder flytting.
Flyttemelding kan sendast elektronisk på internett eller på papirskjema. Alle som sender flyttemelding på papir må leggja ved kopi av legitimasjon. Det skal hindre falske flyttemeldingar.
Flyttemeldingsskjema finn du på Skatteetaten sine nettsider.
Ta kontakt med Skatt Vest dersom du har spørsmål knytt til melding om flytting.