Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Betalingsavtaler kommunale avgifter/gebyr m.m.

Dersom du ikkje greier å betala kommunale rekningar på forfallsdagen, må du omgåande ta kontakt med økonomikontoret på kommunehuset. Betalingsavtaler som gjeld utsetjing med betaling av restskatt eller utskreven forskotsskatt skal utan unnatak vera skriftlege og grunngjevne. Betalingsavtaler som gjeld kommunale avgifter og som ikkje går ut over ein månads utsetjing vert avgjort og avtalt på telefon.

Dersom ein betalingsavtale vert misleghalden er den automatisk oppsagd, og trekk i løn/pensjon og/eller trygd og tvangsinnkrevjing  vil kunna ta til omgåande. Frivillige avtaler om trekk hjå arbeidsgjevar kan og vere aktuelle. Ta kontakt med økonomikontoret for meir informasjon.

Betalingsutsetjing vert ikkje gjeve dersom det kan påvisast at skuldnaren har "pengar på bok"

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.04.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 31
E-post :
nina.erdal@samnanger.kommune.no
Tittel :
Økonomisjef
Bunnhjørne
Tenestetilbod Samnanger (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering