Kjernejournal

I 2015 fekk alle innbyggjarane i Samnanger ein kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktige dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før.

Dersom du har alvorlege sjukdomar eller allergiar kan du snakka med fastlegen din og be ho/han om å leggja dette inn i kjernejournalen din.

Meir informasjon om kjernejournal finn du ved å gå inn på lenka nedanfor. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.09.2016