Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Legevakttelefon

Frå september 2015 har legevakta same telefonnummer i heile Norge. Nummeret er 116117 (etthundreogseksten etthundreogsytten).

Frå 1. september ringer du 116117 for å koma i kontakt med den lokale legevakta, uansett kor i landet du ringer frå. Hugs at legevakt og medisinsk naudnummer skal nyttast i ulike situasjonar.

Telefonnummeret er gratis å ringa til frå både fasttelefon og mobil.

Legevakt skal berre nyttast til å dekka øyeblikkeleg hjelp som ikkje fastlegen din kan handtera. Naudnummeret 113 skal berre nyttast ved akutt fare for liv.

Det nye fellesnummeret blir innført for at det mellom anna skal vera lettare å kontakta legevakt når ein er på reise eller flytter. Medan dei fleste veit at 113 er nummeret til medisinsk naudhjelp, kjenner berre eit fåtal nummeret til si lokale legevakt.

Legevakta har også eit lokalt telefonnummer, 56 57 03 70. Dette nummeret kan brukast dersom du oppheld deg i ein annan kommune, men ønskjer å få kontakt med Os og Samnanger legevakt. Dette kan til dømes vera aktuelt dersom du skal ringa på vegner av eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i Samnanger. 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.10.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenesteeining/avdeling (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering