Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Demensteam

Kontaktinformasjon demensteam:

Kontaktpersonar :

Pleie- og omsorgstenesta v/Kjersti Herland Liøen, tlf. 56589850

Samnanger helsetun, legekontoret, tlf. 56589100. 

 

I Samnanger oppretta me eit demensteam for nokre år sidan. I samarbeid med kommunelegane driv teamet med kartlegging og utgreiing i høve til diagnostisering av demens. Teamet jobbar også med å tilretteleggja tilhøva best mogeleg for dei som har fått ein demensdiagnose. Dersom du har lagt merke til nokre av desse symptoma hos nokon du kjenner bør vedkommande oppsøkja lege for grundig undersøking.


10 tidlege teikn på demens:

  1. Hyppig gløyming eller uforklarleg forvirring heime eller på arbeidsplassen kan væra eit teikn på at noko er galt.
  2. Problemer med å utføra vanlege oppgåver.
  3. Språkproblem, gløymer heilt enkle ord eller brukar ord som er meiningslause i samanhengen.
  4. Desorientert i høve til tid og stad.
  5. Svekka dømmekraft. Kan for eksempel gå i butikken med badekåpe.
  6. Abstrakt tenking kan vera vanskeleg. Nesten umogeleg å forstå tal og utføra enkle reknestykke.
  7. Feilplassering av gjenstandar, for eksempel strykejarn i kjøleskåp eller armbandsur i sukkerkoppen.
  8. Forandra humør, raske svingingar utan openbar årsak.
  9. Forandra veremåte, ein person som tidligare var ubekymra og sorglaus, kan bli sint, mistenksam eller engsteleg.
  10. Uinteressert og uengasjert i mange tidlegare aktivitetar.

 

Ta kontakt med Samnangerheimen eller Samnanger helsetun for vidare rettleiing.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.09.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56589850
E-post :
kjersti.herland.liøen@samnanger.kommune.no
Bunnhjørne
Tenesteeining/avdeling (1)
Tenesteskildringar (1)
Planar, reglement, vedtekter (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering