Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Sjukeheim - langtidsopphald

Langtidsplass på sjukeheim er ei teneste for personar som har varig behov for heildøgns omsorg og pleie. Dei som ikkje får dekka sitt daglege behov for pleie og omsorg ved heimebaserte tenester, kan søkja om langtidsopphald i institusjon.

 

Langtidsplass i institusjon er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.


Søknad/søknadsskjema

  • Ein må søkje på kommunen sitt søknadsskjema (felles søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester). Lenke til skjemaet finn du i menyen til høgre på sida.
  • Ofte har kommunen si pleie- og omsorgsteneste hatt kontakt med pasienten over lengre tid når det vert aktuelt med langtidsplass ved sjukeheimen. Pasienten har gjerne hatt heimesjukepleie og korttidsopphald ved sjukeheimen, og vil difor vera godt kjent for pleie- og omsorgstenesta. 


Betalingssatsar
Det er eigne statlege forskrifter om betaling for opphald i institusjon over 60 dagar per kalenderår, som avgjer kva ein skal betala for opphaldet.

 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 20.04.2016

Langtidsopphald sjukeheim - diverse spørsmål og svar

Langtidsopphald sjukeheim - diverse spørsmål og svar

Langtidsopphald sjukeheim - diverse spørsmål og svar
Kva lovverk gjeld?
Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.
Kva må til for at eg kan få innvilga langtidsopphald?
Du må ha behov for langtidsplass i sjukeheim av di du ikkje får dekka det daglege behovet for pleie og omsorg i eigen heim.
Kven avgjer søknaden min?
Inntaksnemnda handsamar søknadane og fattar vedtak.
Kven er medlem av inntaksnemnda?
Tilsynslege på Samnangerheimen, avdelingssjukepleiar, ass. avdelingssjukepleiar, fysioterapeut, leiar for psykiatriske tenester og pleie og omsorgsleiar.
Kor ofte har inntaksnemnda møte?
Kvar tysdag og handsamar søknader kontinuerleg, men sakshandsamingstida kan vera opptil 4 veker, jf. Forvaltningslova.
Kan eg klaga på vedtaket?
Søkjar kan klaga på vedtaket. Alle vedtak skal innehalda informasjon om klagerett. Om det er ønskjeleg, kan ein få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til Fylkesmannen i Hordaland.
Kva kostar langtidsopphald?
Kommunen kan krevja vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift .
Kven arbeider på sjukeheimen?
På sjukeheimen vil du alltid få hjelp av kvalifisert personale, det er alltid sjukepleiar på vakt. I helg og høgtid er det redusert bemanning. Yrkesgrupper som arbeider her er: sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedhjelpar, fysioterapeut, lege, aktivitør, personale på kjøkken, vaskeri, reinhald og teknisk drift.
Korleis er sjukeheimen organisert?
Samnagerheimen har 4 avdelingar: Post 1 (demesavdeling), Post 2 ( langtidsavdeling), Post 4 ( langtidsavdeling), Post 5 ( langtidsavdeling). Me har ikkje eigen rehabiliteringsavdeling. Me nyttar dei sengene som det til ei kvar tid er naturleg uavhengig av kva avdeling. I tillegg har me vaskeri, kjøkken og administrasjon.
Kva får eg hjelp til på sjukeheimen?
Etter fagleg vurdering av individuelle behov og eigne ressursar vil du få hjelp til: • morgonstell/kveldsstell med personleg hygiene og påkledning • hjelp til å stå opp/leggja seg etter eigne ønske om tidspunkt • hjelp til toalettbesøk • hjelp til dusj • hjelp til hårstell/klipp, negle- og fotstell • hjelp til forflytting • tilsyn og fagleg vurdering etter behov • hjelp ved måltida • vask av merka privattøy • hjelp til ulike medisinske tiltak som t.d. medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, stell av kateter, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll m.m. • regelmessig tilsyn av tilsynslege, etter fagleg vurdering • kontakt med spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta ved behov • tilbod om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering • tilbod om personleg tilpassa hjelpemiddel
Kva aktivitetstilbod kan eg vera med på?
Etter ønske kan du vera med på ulike aktivitetstilbod på avdelinga, fellesarrangement som t.d. turar, song og musikk, andakt. Det er i mindre grad rom for individuelle aktivitetar.
Kva kan eg forventa av dei tilsette?
Du kan forventa å bli møtt på ein respektfull og høfleg måte. Dei tilsette held teieplikta si. At du får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Kva kan eg gjera dersom ting ikkje fungerer?
Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på etter vedtaket, kan du ta kontakt med avdelingsleiar. Som mottakar av helsetenester, kan du etter pasientrettslova klaga til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at det skal vera mogleg å løysa saka på det lågaste nivået.
Får eg eit fast rom på Samnagerheimen?
Å få tildelt plass på Samnangerheimen er ikkje det same som å få tildelt eit fast rom. Dersom pleiebehovet eller situasjonen på Samnangerheimen tilseier det, kan det verta naudsynt med byte av rom. I slike tilfeller vil du og eventuelt dine pårørande vert orientert på førehand så tidleg som mogeleg.
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 50 / 56
E-post :
janne.drevsjo@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar sjukeheim
Bunnhjørne
Tenestetilbod Samnanger (2)
Tenesteeining/avdeling (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering