Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Bålbrenning

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Mange lurer på kva reglar som gjeld for bålbrenning  -  både i eigen hage og ute i naturen. Brannvesenet har utarbeidd informasjon om dette, som du finn nedanfor.  

Frå 15. april til 15. september er faren for gras- og skogbrann normalt større enn elles i året. Det er i denne perioden ikkje lov å gjera opp bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet. Du kan framleis grilla, brenna hageavfall i din eigen hage, eller grilla på eigna stader som til dømes i strandkanten. Det er lov å gjera opp eld der det openbart ikkje kan føra til brann. All bålbrenning er på eige ansvar.

Dersom det er lange tørkeperiodar eller ekstrem vind kan brannvesenet legga ned eit generelt forbod mot all bruk av eld utandørs.

I perioden 16. september til 14. april er faren for gras- og skogbrann normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjera opp små bål i naturen, utan løyve frå brannvesenet.  



Eingongsgrill
Vær svært varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til brann i skog og mark. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillen må sløkkast skikkeleg med vatn og leggjast i ein egen metallbehaldar etter bruk.


Kva skal du passe på når du brenner bål?
All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind.

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Bålet må haldast under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantennelege klede. 
  • Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Fins det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar.


Hageavfall
Det er lov å brenna hageavfall, men berre små mengder, som kvister, gras, gamalt lauv og planterestar. Det er ikkje lov å brenna boss i noko form, heller ikkje bygningsrestar, materialar eller treverke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.

Vis omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særlig dersom bålet er vått. Slik røyk blir ofte liggande lågt over bakken. Røyk er irriterande på slimhinner, i augene og i luftvegane, og representerar eit helse- og trivselsproblem for dei som blir eksponert. Røyken er spesielt til plage for dei med astma og andre luftvegsproblem. Brannvesenet anbefalar difor å la vera å brenna hageavfall, og heller bruke kompost eller levere hageavfallet til gjenvinning.


Kompost eller gjenvinning
Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kunne heller blitt til kompost og gjort nytte som gjødsel og jord. Ein enkel hagekompost er lett å laga. Legg alt avfallet i ein haug. Du kan også laga ein karm rundt for å halde haugen på plass.

Hageavfallet kan også enkelt leverast inn på BIR sine gjenvinningsstasjonar som lagar god jord av det. 


Bålpanne
Bålpanner vert stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenna tørr og rein ved, eller bruke grillkol. 


Flatebrenning
Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.06.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering