Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Bioetanolpeisar og gassomnar

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Nedanfor finn du informasjon og tips om bioetanolpeisar og gassomnar. 

Feil bruk av bioetanolfyrte peisar, lampar og dekorasjonar kan føre til uheldige episodar med brann- og personskader.

Det er ingen indikasjonar på at flyttbare gassovnar og bioetanolpeisar ikkje er trygge å bruke. Vilkåret er at ein brukar og vedlikeheld desse i samsvar med bruksrettleiinga. Produkta må likevel berre brukast under tilsyn, og med god avstand til brennbart materiale.


Forbode mange stader
Flyttbare apparat til oppvarming som forbrenner brannfarleg vare, må berre brukast under tilsyn i godt ventilerte rom. Det er forbode å bruke slike apparat i rom der folk søv, i forsamlingslokale, på overnattingsstader, sjukehus og andre pleieinstitusjonar, i omsorgsbustader, skular, salslokale, lager m.m.

Det er ikkje er tillate å lagre gass i kjellar eller på loft.


Bioetanolpeisar
Bioetanolpeisar er veggmonterte eller frittståande varmekjelder som brukar bioetanol som brensel. Peisane er ikkje knytt til ei pipe. Dei har vanlegvis for liten effekt til å vere eigna som ein primær oppvarmingskjelde og kallast difor gjerne ”dekorasjonspeisar”. Etter fleire hendingar, både i Noreg og andre land, har styresmaktene innført tilsyn med bioetanolpeisar.


Råd ved bruk av biopeis

  • Ikkje fyll på ny bioetanol før flammen er helt sløkt. Flammen er vanskeleg å oppdage.
  • Ikkje flytt på peisen når den er i bruk.
  • Gå aldri frå peisen når den er i bruk.
  • Plasser omnen slik at den ikkje kan velte.
  • Hald kjæledyr og barn på god avstand.
  • Ved søling, sørg for å tørke skikkeleg opp, også der det ikkje syns.
  • Ver merksam på at stearinlys eller andre tennkjelder i nærleiken kan antenne bioetanol ved påfylling.
  • Sørg for god utluftning.
  • Ikkje oppbevar store mengder bioetanol innandørs (maks 10 liter er tillate).
  • Les bruksanvisninga nøye.   
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 30.10.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering