Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Brannsikker på camping

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Nedanfor finn du informasjon og tips om branntryggleik i samband med camping. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.07.2015


Brann på campingplassen kan spreie seg raskt. Plasser campingvogna, teltet eller bubilen i god avstand frå naboane. Sjekk at røykvarslaren fungerer der du skal sove.

Monter røykvarslar
Ein brann utviklar seg raskt i ei campingvogn eller eit telt  og då tel kvart sekund. Har du ein røykvarslar, aukar du sjansen for å redde deg ut i tide. Røykvarslarar bør monterast fast i campingvogner og bubilar. Hugs å bytte batteri og teste at røykvarslaren verkar før du legg ut på tur. I telt kan du bruke ein reiserøykvarslar. Det er lurt å ha ein kniv lett tilgjengeleg i teltet, slik at du raskt kan skjære deg ut dersom det tek til å brenne.

Hugs brannsløkkingsapparat
Brannsløkkingsapparat er påbode i alle campingvogner og bubilar. Apparatet må vere lett tilgjengeleg og bli vedlikehaldt jamnleg, slik at det alltid er klart til bruk om uhellet er ute. Eit brannteppe er eit fint tillegg som tek lite plass og kveler mindre flammar effektiv.

Hald minst tre meter avstand
På campingplassar skal det vere minst tre meters avstand mellom campingvogner, bubilar og telt. Bilar som ikkje skal brukast til overnatting kan parkerast i mellomrommet.

Ein avstand på tre meter er ikkje nok til å hindre ein brann i å spreie seg vidare. Føremålet med denne avstanden er å avgrense spreiinga av brannen, slik at personar rekk å rømme og eventuelt bidra i sløkkjearbeidet.

For terrassar, «spikartelt» og andre meir faste konstruksjonar kan plan- og bygningslova gjelde. Dette skal beskrivast i reglane til campingplassen.

Pass på grillen
Ikkje sett grillen for nær campingvogna, bubilen eller teltet. Ein tent grill blir svært varm og kan sette fyr på både veggar, teltduk og underlag. Grill, kokeapparat og liknande bør stå minst ein meter frå teltduken.

Bruk aldri open eld eller glødande kol inne i teltet eller forteltet. Ein teltduk tar fort fyr og kan gje frå seg mange giftige gassar. Tenner du grill og gassapparat inne i teltet risikerar du ikkje berre at teltet tek fyr, men også at lufta i teltet blir så dårleg at det er fare for kveling.

Propan
Sjekk jamnleg propananleggets slangar, rør og kolbingar for å unngå lekkasjar. Følg bruksanvisninga for montering, sikkerheitsavstandar, bruk og vedlikehald nøye. Propanbehaldaren skal alltid stå oppreist, og må aldri utsetjast for unormal oppvarming eller sterk solvarme.

Sjekk elanlegget
Elektriske anlegg og elektrisk utstyr i campingvogn og bubil må vere installert i etter regelverket. Det er eigar sitt ansvar at anlegget og utstyret blir brukt slik det skal. Få gjerne ein fagperson til å ta ein kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald av det elektriske, før ferieturen startar. Les også campingplassen sine reglar for tilkopling og bruk av stram.

Dersom det brenn

  1. Redd deg sjølv og folk som er i fare.
  2. Varsle brannvesenet på naudnummer 110.
  3. Forsøk å sløkje dersom du ikkje utsett deg sjølv for fare.  



 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering