Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Brannvesenet skalerer ned bålforbodet

(Publisert 18.05.2016). Endra verforhold gjer at brannvesenet skalerer ned det innskjerpa bålforbodet som vart innført 13.05.2016.

Det generelle bålforbodet i Samnanger, Osterøy og Bergen gjeld framleis og må respekterast.   

Det har i dag kome noko nedbør i Bergen og omegn og meteorologisk institutt har varsla ytterlegare nedbørsmengder i løpet av dagen og dei nærmaste dagane. Den lokale gras- og lyngbrannfaren blir sett på som noko redusert og innskjerpinga av bålforbodet som trådte i kraft fredag 13.05.2016 kl. 15.00 skalerast ned onsdag 18.05.2016 kl. 13.00.

Brannvesenet held fast at det framleis må visast stor varsemd ved bruk av ild utandørs og at det generelle bålforbudet gjeld. Det generelle bålforbodet kan du lesa meir om her
 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 18.05.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering