Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Bytt batteri i røykvarslaren

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Nedanfor finn du informasjon og tips om røykvarslarar. 


Hugs å byte batteri i røykvarslaren og sjekk at den verkar. Test batteriet ved å trykke på testknappen. Når du får tidleg varsel kan du komme deg ut i tide, eventuelt sløkje eit branntilløp.


Alle må ha røykvarslar
Alle bustader - leilegheiter, rekkehus, privatbustader, hyblar og hytter - skal ha minst ein godkjent røykvarslar eller eit FG-godkjent brannalarmanlegg. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje og den skal kunne høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Eigaren av bustaden har ansvaret for å skaffe og montere røykvarslar. Brukaren av bustaden har ansvaret for å teste røykvarslaren og skifte batteri.


Skift batteri ein gong i året
Dei fleste røykvarslarar lagar korte og svake pip når batteriet begynner å bli dårleg. Du må då skifte batteri så snart som mogeleg. Røykvarslarar bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Du kan bruke ein pinne eller liknande for å gjere det enklare å nå opp. Batteriet bør skiftast ein gong i året. Gjer det til ein vane å bytte batteri 1. desember, det er nemleg røykvarslarens dag. Hjelp også eldre du kjenner med å byte batteri denne dagen.


Seriekopla røykvarslarar
Røykvarslarane bør vere seriekopla slik at dei varslar samtidig. Alle i huset vil då bli varsla om brann i ein annan etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du skaffe varslarar som er berekna for dette. Samankoplinga er enkel og kan gjerast sjølv.


Ionisk eller optisk?
Det er fleire typar røykvarslarar, både optiske, ioniske og kombinasjonsvarslarar. Optiske røykvarslarar reagerer raskast ved ulmebrann, mens ioniske røykvarslarar reagerer raskast på open eld. Brannvesenet anbefalar optiske eller kombinerte varslarar.


Plassering er viktig
Plassering av røykvarslarar er svært viktig for kor raskt dei reagerer på røyk. Røykvarslarar skal monterast på høgaste punkt i taket og minimum 50 cm frå veggen. Varslaren bør monterast i rømmingsvegane, for eksempel i gangar som knyter fleire rom saman. I hus med fleire etasjar bør varslarane monterast nær trappene. Røykvarslarane skal kunne høyrast tydeleg på alle soverom og opphaldsrom når alle dører er stengde.


Test røykvarslaren med røyk
I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk. Bruk røyk frå testpinne, testspray eller vanleg fyrstikk for å teste om sjølve røykvarslaren reagerer på røyk. Dersom røykvarslaren ikkje reagerer med nytt batteri, er røykvarslaren defekt og må skiftast ut snarast.

Røykvarslarar bør minst ein gong i året reingjerast for støv og smuss. Ver varsam slik at du ikkje skadar elektronikken. Det blir anbefalt å skifte ut røykvarslarar som er eldre enn 10 år. 


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 18.03.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering