Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Grillvettreglane - tips for trygg bruk av grill

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Nedanfor finn du informasjon frå brannvesenet om trygg bruk av grill.  



Her finn du dei viktigaste tipsa for trygg bruk av grill.


Engongsgrill/kolgrill

  • Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale, også frå undersida.
  • Ikkje bruk meir tennvæske enn naudsynt, og aldri på varm grill.
  • Vær varsam ved opptenning av grillen.
  • Ha alltid ei bøtte vatn eller ein hageslange nær grillen. Ved bruk av eingongsgrill, ta med ei stor flaske vatn.
  • Pass på at grillen er sløkt, og at oska er kald før du kastar den på ein sikker stad. Eingongsgrill bør sløkkjast med vatn etter bruk.



Gassgrill

  • Før du opnar for gassen på behaldaren, pass på at alle blussar er stengde.
  • Tenn alltid grillen rett etter at gasstilførselen er opna.
  • Når du er ferdig å grille, sjekk at både gassblussane og flaskeventilen er stengd.
  • Sjekk slangar jamnleg for sprekkar og lekkasjar.
  • Kjenner du gasslukt og mistenkjer lekkasje, steng straks av gassen på gassflaska og flytt flaska til ein sikker stad.



Felles for all grilling

  • All grilling skal skje utandørs. 
  • Barn og kjæledyr skal aldri vere åleine eller leike nær ein tent grill.
  • Hald grillen under oppsyn så lenge den er varm.
  • For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman.
  • Ha førstehjelpsutstyr for behandling av brannskader tilgjengeleg.



 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.07.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering