Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Ny eldstad? Meld det inn til brannvesenet

Er eldstaden din meldt inn til brannvesenet? Dersom den ikkje er det får ikkje feiaren feia skorsteinen din, og heller ikkje sjekka branntryggleiken i bustaden din.  

Brannvesenet får ofte meldingar frå innbyggjarar som ikkje har fått besøk av feiaren på fleire år. Dette kan skuldast at dei eller den førre huseigaren ikkje har meldt inn eldstaden sin til brannvesenet. Dersom eldstaden ikkje er meldt inn, har brannvesenet ikkje noko grunnlag for å utføre feiing eller tilsyn med bustaden. Når brannvesenet ikkje får gått tilsyn i private bustader veit ein ikkje om branntryggleiken er godt nok ivaretatt. Eldstader som er oppført utan å vere meldt inn, kan vere feilmonterte. Når brannvesenet utfører tilsyn blir det kontrollert at eldstaden er forsvarleg montert, og at det er stor nok avstand til brennbart materiale. I tillegg blir røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar undersøkte.

Alle som har ein fungerande eldstad vil dessutan få utført feiing av skorsteinen minst kvart fjerde år. Ved å fjerne sot og bek frå røykrøret reduserer feiaren faren for brann i skorsteinen.

Ved installasjon av ny eldstad er det eigars ansvar å melde frå til kommunen. Dette er heimla i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn § 2-4. Har du installert ny eldstad kan du sende inn skjemaet som leverandøren av omnen fyller ut til postmottak@samnanger.kommune.no.


Tekniske krav
I Plan og bygningslova blir det ikkje stilt nokon krav til montør av eldstad, men brannvesenet anbefalar å bruke kvalifiserte installatørar.

Dersom eldstaden blir installert samtidig med andre søknadspliktige tiltak, som for eksempel oppføring av bustad, skorstein eller fyringsanlegg, skal denne meldinga likevel sendast til brannvesenet. Det er viktig å merke seg at dei tekniske krava til installasjon av eldstad gjeld fullt ut.


Tekniske krav medfører:

  • Eldstaden må vere testa og godkjent i samsvar med Norsk standard (NS 3058 - 3059).
  • Monteringsrettleiinga må følgjast, og hugs at avstandskrava er minimum avstand.
  • Generelle eldstadsreglar må følgjast opp på områder som ikkje står i monteringsrettleiinga.
  • Godkjent røykrøyrsinnføring skal brukast for tilkopling til skorstein (eiga monteringsrettleiing).
  • Montering av eldstader som ikkje er godkjende for bruk i Noreg er ikkje tillate.
  • Feilmontering av eldstad kan føre til brann - i åtte av ti brannar som er knytt til eldstad er feilmontering funne som brannårsak.


Nye eldstader sparar miljøet
Moderne eldstader er meir effektive og sparar lommeboka. Dei er sikrare, forureinar mindre og gjev 30-50 prosent meir varme enn gamle eldstader.

Før du kjøper ein ny eldstad, tenk gjennom kva slags oppvarmingsbehov du har. Dei fleste klarar seg med eldstader som gjev 2-6 kwh. Jo mindre eldstaden er, jo lettare er det å fyre riktig. Toppmontering av røykrør er anbefalt fordi det gjev tryggare og meir økonomisk fyring.

Skiftar du ut din gamle peis eller eldstad med ein ny reintbrennande, kan du vere med på å redusere svevestøvet med opptil 90 %. Blir svevestøvet redusert hjelper det også alle med astma og allergiplager. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 30.10.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering