Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Ny eldstad? Meld det inn til kommunen.

Er eldstaden din meldt inn til kommunen? Dersom den ikkje er det får ikkje feiaren feia skorsteinen din, og heller ikkje sjekka branntryggleiken i bustaden din.  

Brannvesenet får ofte meldingar frå innbyggjarar som ikkje har fått besøk av feiaren på fleire år. Dette kan skuldast at dei eller den førre huseigaren ikkje har meldt inn eldstaden sin til brannvesenet. Dersom eldstaden ikkje er meldt inn, har brannvesenet ikkje noko grunnlag for å utføre feiing eller tilsyn med bustaden. Når brannvesenet ikkje får gått tilsyn i private bustader eller hytter veit ein ikkje om branntryggleiken er godt nok ivaretatt. Eldstader som er oppført utan å vere meldt inn, kan vere feilmonterte. Når brannvesenet utfører tilsyn vert det kontrollert at eldstaden er forsvarleg montert, og at det er stor nok avstand til brennbart materiale. I tillegg vert røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar undersøkte.


Alle som har ein fungerande eldstad vil dessutan få utført feiing av skorsteinen. Ved å fjerne sot og bek frå røykrøret reduserer feiaren faren for brann i skorsteinen.


Ved installasjon av ny eldstad er det eigars ansvar å melde frå til kommunen. Dette er heimla i forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn § 2-4. Melding om ny eldstad skal sendast til Samnanger kommune sitt postmottak: 



Nye eldstader sparar miljøet
Moderne eldstader er meir effektive og sparar lommeboka. Dei er sikrare, forureinar mindre og gjev 30-50 prosent meir varme enn gamle eldstader.


Før du kjøper ein ny eldstad, tenk gjennom kva slags oppvarmingsbehov du har. Dei fleste klarar seg med eldstader som gjev 2-6 kwh. Jo mindre eldstaden er, jo lettare er det å fyre riktig. Toppmontering av røykrør er anbefalt fordi det gjev tryggare og meir økonomisk fyring.


Skiftar du ut din gamle peis eller eldstad med ein ny reintbrennande, kan du vere med på å redusere svevestøvet med opptil 90 %. Blir svevestøvet redusert hjelper det også alle med astma og allergiplager. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 18.10.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering