Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Rømningsvegar

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Nedanfor finn du informasjon og tips om rømningsvegar. 

 

Ved ein brann er det viktig at alle som oppheld seg i bustaden raskt kan komme ut.

Snakk difor med familien om korleis de skal opptre ved brann og korleis de skal komme dykk ut frå alle rom. Avtal ein fast møteplass utanfor huset.

Det er viktig å ha enkle rømmingsvegar frå bustaden og ut til det fri. Hald rømmingsvegane ryddige.

Kontroller at vindauge og dører er lette å opne og vurder om det er behov for ekstra hjelpemidlar som rømmingsstige eller liknande.

Skulle det oppstå brann, hugs at brannrøyken er svært giftig. Unngå å flytte deg over lengre avstandar i røykfylte rom. Dersom dette likevel er nødvendig, hald deg lågt ved til dømes å krype på golvet. Dersom det er mørkt, orienter deg langs veggen, slik at du heile tida veit kor du er.

I nokon tilfelle - dersom du veit at brannvesenet er på veg - kan det vere mest riktig å bli på rommet eller til dømes ein balkong til brannvesenet kjem. Gje i så fall tydelege signal om kor du er, slik at du raskt får hjelp.


 

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.07.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering