Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Slik får du ei branntrygg jul

Jul og nyttår er tida for god mat, levande lys og peiskos. Uforsiktig bruk av komfyr og stearinlys er blant dei vanlegaste brannårsakene i desember. 

Komfyren er verst!


Halvparten av alle bustadbrannar startar på komfyren og i desember lagar me endå meir mat enn vanleg. Gå difor aldri frå komfyren når du lagar mat. Eit godt julegåvetips til deg sjølv eller andre kan vere ein komfyrvakt.  

 

-Me anbefalar komfyrvakt til alle, både unge og gamle. Ein komfyrvakt vil automatisk kutte straumen dersom det oppstår ein brannfarleg situasjon på komfyren, seier informasjonsleiar i Bergen brannvesen Trine Sivertsen Sommerlade.    

 

Skal du fritere mat, som til dømes smoltringar, er det lurt å ha eit lokk ved sidan av gryta, i tilfelle ein brann skulle oppstå. Ikkje bruk vatn på olje som brenn! Eit anna tips er å reingjere filteret i kjøkkenvifta. Filter som er tette av fett tek raskare fyr og gjer det lettare for flammen å spreie seg.  

 

-Som tilleggsutstyr kan det vere lurt å ha eit brannteppe eller ein sløkkjespray tilgjengeleg på kjøkkenet, legg Sommerlade til.

 

Branntrygg jul 2017 - Klikk for stort bilete

 

 

Pass på levande lys!


Det er koseleg med levande lys i juletida, men plasser aldri tente lys i nærleiken av brennbart materiale, eller i dekorasjonar med mose, kvistar og andre tørre materiale.

 

-Ein god regel er å alltid blåse ut lyset når du går frå rommet. Du skal kanskje berre ein rask tur ut, men plutseleg har du gløymt heile lyset!

 

 

Sommerlade anbefalar branntrygge, elektriske lys som kan stå på heile døgnet.

 

Sjekk julelysa!

 

Hentar du fram gamle julelys frå loftet må du sjekke at dei verkar som dei skal og at det ikkje er slitasje eller kutt i leidningane. Lys som skal brukast utandørs må vere spesielt eigna til dette, det same gjeld for skøyteleidningar. Ein skøyteleidning for innandørs bruk kan føre til strømgjennomgang, jordfeil og andre skadar om den blir brukt ute. Utandørs lys skal pluggast i stikkontaktar som er montert ute. Leidningar må ikkje klemmast i dør- eller vindaugskarmar, då kan kabelen ta skade.

 

 

-Slå av julelysa om natta og når du ikkje er heime, anbefalar Sommerlade. 

  

Sjekk røykvarslar og sløkkjeutstyr

 

Om det skulle oppstå ein brann er det svært viktig at du har ein fungerande røykvarslarar og sløkkjeutstyr. Byt batteri i røykvarslaren ein gong i året og sjekk at den verkar ved å trykke på testknappen.

 

 

Brannvesenets juletips:

 

  1. Sjekk røykvarslarane ein gong i månaden og kvar gong du kjem heim frå reise. Gjer det til ein vane å byte batteri 1. desember på Røykvarslardagen.
  2. Sjekk at sløkkjeutstyret fungerar og at du veit korleis du skal bruke det.
  3. Ha brannøving heime. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du betre førebudd om det begynner å brenne.
  4. Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
  5. Gå aldri frå eit rom med levande lys.
  6. Bruk aldri vaskemaskin eller tørketrommel når du søv eller når du ikkje er heime.
  7. Sjekk bustaden før sengetid.
  8. Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime.
  9. Røyk aldri på senga eller i sofaen.
  10. Ikkje kast oske direkte i bosset.

 

Brannvesenet ynskjer alle ei branntrygg jul!  

 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.01.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering