Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Slik fyrer du riktig

Brannvesenet har utarbeidd diverse brannførebyggjande informasjon / informasjon om branntryggleik. Nedanfor finn du informasjon og tips om korleis du fyrer riktig. 


Fyrer du riktig, unngår du brann. I tillegg tek du vare på miljøet og sparar pengar.

Tørr ved gjev to til tre gongar så mykje varme som fuktig ved, og gjev lite sot i eldstad og skorstein.

For lite trekk og store mengder ved, skapar mindre varme, mykje sot og forureining. Rått brensel, lite trekk eller for lite tilgang til frisk luft dannar beksot i skorsteinen. Beksoten kan ta fyr og gje sotbrann (skorsteinsbrann). Ein sotbrann kan skade skorsteinen og i verste fall føre til brann i bustaden.


Riktig trekk
Det trengs mykje luft til god forbrenning. I tette hus med mekanisk eller balansert ventilasjon utan direkte friskluftstilførsel til eldstaden, må kanskje ei dør eller eit vindauge i rommet settast på gløtt i opptenningsperioden.

Når det er god varme i eldstaden kan du regulere trekken ned til det brenn med rolege flammar. La veden brenne heilt ut til det er ein haug med glør, før du legg i ny ved. Hugs å skru trekkventilen opp igjen slik at veden tek god fyr.


Riktig brensel
Det er viktig at det berre blir fyrt med rein ved i ein reintbrennande moderne eldstad. Dette er eldstader som berre er berekna for vedfyring. All anna type brensel kan skade eldstaden.

Det må aldri fyrast med måla eller trykkimpregnert materiale. Desse materiala gjev frå seg svært giftige gassar når dei blir brende, og etterlet seg tungmetallar i oska. Det vil også kunne skade både eldstaden og skorsteinen. Ikkje bruk vrakved frå sjøen som brensel. Den inneheld salt som blir til klor ved forbrenning.

Peiskubbar som kjøpast i butikken er i de fleste tilfelle berre berekna på opne peisar. Å bruke ein slik kubbe i ein lukka eldstad kan skade eldstaden. Ein god regel er at dersom det ikkje står på pakken at kubben kan brukast i lukka eldstader, må den ikkje brukast.


”Topp-ned-fyring”
Har du ein moderne reintbrennande eldstad, tenn frå toppen av veden. Bålet bør bestå av tørre vedkubbar nedst, ei blanding av opptenningsved og to-tre opptenningsbrikettar øvst. Då reduserer du partikkelutsleppet frå skorsteinen. I tillegg får du utnytta veden langt meir effektivt og det gjev mindre oske og sot.


Toppmontering
Toppmontering av røykrør gjev mange fordelar:

  • Større effekt, følgjeleg meir miljøvenleg
  • Meir skånsam mot skorsteinen
  • Lettare å avgrense skorsteinstrekken
  • Enklare rengjering av røykrør
  • Enklare utskifting av framtidige eldstader 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.06.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering