Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kriseleiinga i Samnanger

Den kommunale kriseleiinga har ansvar for å koordinera kommunen sin sine ressursar i samband med større ulukker, naturkatastrofer, svikt i viktige samfunnsfunksjonar m.m. 

Kriseleiinga vert kalla saman dersom det oppstår hendingar/situasjonar som den ordinære redningstenesta (brannvesen, ambulanse, politi) treng hjelp til å handtera.  


Følgjande personar er faste medlemmer i kriseleiinga: 

  • Rådmann (leiar)
  • Ordførar
  • Assisterande rådmann
  • Teknisk sjef
  • Stabssjef (informasjonsansvarleg)


Kriseleiinga kan ved behov kalla inn/be om hjelp frå andre personar og instansar, til dømes:

  • Tilsette i kommunen
  • Lensmann
  • Sivilforsvaret
  • Heimevernet
  • Røde Kors Hjelpekorps
  • Frivillige lag og organisasjonar


Døme på kva kommunen kan få ansvar for å handtera i ein krisesituasjon:

  • Ta hand om skadde personar
  • Omsorg for personar som har vore utsett for påkjenningar (sjå informasjonsside om omsorgsberedskapsgruppa)
  • Evakuering av personar frå eit utsett område
  • Innkvartering av evakuerte, skadde og/eller redningsmannskap
  • Informera om situasjonen
  • Skaffa mat og anna forsyningsstøtte
  • Sikra helsemessig trygge næringsmidlar og drikkevatn
  • Retta opp skadar på kommunikasjon og andre anlegg
  • Opprydding, oppreinsking, avfallsdeponering for å hindra skade på miljø
  • Vern om kulturelle verdiar
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 16.07.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Kunngjeringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering