Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kulturkontoret

Fotograf: Tone Ramsli
Notaholmen fotograf Tone Ramsli


Tilskotsordningar:

Kulturmidlane vert fordelt kvart år med søknadsfrist 20. mars. Det kan søkast som tilskot til tilskipingar heile året. Det skal søkast på eige skjema (PDF, 75 kB).


Kulturminne

Samnanger kommune har i samband med arbeidet med kommunedelplan for kulturminne 2012-2020 registrert og dokumenterte me 151 kulturminne i kommunen. Registreringa av kulturminne i Samnanger er ikkje komplett, men med kommunedelplanen har me ein god oversikt.  

Dei mest synlege er Samnanger kyrkje, Notaholmen og SAFA-pipa.


Idrett og friluftsliv

Eining for kultur arbeidar for tida med ein ny kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Me tek sikte på at den vert politisk handsama hausten 2013.

Dersom du skal søka om spelemidlar til idretts-, nærmiljø- eller friluftslivsanlegg, ta kontakt med kultursjef Arnved Soldal Lund eller sjå Kulturdepartementet si sida om spelemidlar og anlegg.


Kulturpris

Kulturprisen vert gjeven for særleg fortenestefull innsata for kulturlivet i kommunen eller for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Det er Utval for oppvekst og omsorg som vedtek kven som skal motta prisen. Prisen vert gjeven kvart fjerde år.


Kulturstipend for unge

Samnanger kommune gjev kvart år eit kulturstipend til unge (PDF, 8 kB)mellom 13-25 år som utmerkjar seg innan kultur og idrett. Søkandsfristen er 20. mars kvart år. Det skal søkast på eige skjema (PDF, 59 kB).

Publisert av Arnved Soldal Lund. Ansvarleg Arnved Soldal Lund. Sist endra 13.06.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Tenesteeining/avdeling (1)
Kjerneside (1)
Kunngjeringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering