Kulturkontoret

Jubileumskonsert - Klikk for stort bilete

Tilskotsordningar:



Kulturmidlane vert fordelt kvart år med søknadsfrist 20. mars. Det kan søkast som tilskot til tilskipingar heile året. Det skal søkast på eige skjema (PDF, 456 kB).

 

Kulturminne

Samnanger kommune har i samband med arbeidet med kommunedelplan for kulturminne 2012-2020 registrert og dokumenterte me 151 kulturminne i kommunen. Registreringa av kulturminne i Samnanger er ikkje komplett, men med kommunedelplanen har me ein god oversikt.  

Dei mest synlege er Samnanger kyrkje, Notaholmen og SAFA-pipa.

 

Idrett og friluftsliv


Dersom du skal søka om spelemidlar til idretts-, nærmiljø- eller friluftslivsanlegg, ta kontakt med kulturleiar Meline Heimdal Haugland eller sjå Kulturdepartementet si sida om spelemidlar og anlegg.

 

Kulturpris


Kulturprisen vert gjeven for særleg fortenestefull innsats for kulturlivet i kommunen eller for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Det er formannskapet som vedtek kven som skal motta prisen. Prisen vert gjeven kvart fjerde år.

Publisert av Arnved Soldal Lund. Ansvarleg Arnved Soldal Lund. Sist endra 29.01.2019