Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Regionalt næringsfond - utlysing av midlar 2012

(Søknadsfrist 21.11.2012). Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling midlar til regionalt næringsfond for 2012. Det er no høve for kommunane i regionen, regionale/interkommunale organ, bedrifter, lag og organisasjonar til å søkja om tilskot.

Intensjonen med midlane er å få til regional utvikling, slik at det er tiltak som er med å utvikla regionen vår som vert prioriterte. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift. Det vert elles vist til Regionalt utviklingsprogram for Hordaland, prioriterte næringar og til tildelingsbrev frå fylkeskommunen.

Det er utarbeidd eige søknadsskjema. Skjema og utfyllande informasjon finns på Samnanger kommune sine nettsider. Ta gjerne kontakt med næringsansvarleg i kommunen din eller rådmannen i Samnanger kommune dersom det er spørsmål.

Søknad skal sendast til Samnanger kommune: post@samnanger.kommune.no


Søknadsfrist 21.11.2012.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.11.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Kjerneside (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering