Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Regionalt næringsfond

Bjørnefjorden Næringsutvikling  - Fusa, Os og Samnanger - har dei siste åra fått midlar av Hordaland fylkeskommunen til eit regionalt næringsfond til styrking av næringslivet og regionen.

Søknadsfrist for midlar frå næringsfondet vert kunngjort med oppslag i lokalavisene i regionen.

Satsingsområda er næringsretta kompetanseheving, entreprenørskap og innovasjon, internasjonalisering og utvikling av livskraftige lokalsamfunn, men det kan også gjevast støtte til andre type prosjekt. Tilskot kan gjevast både til bedrifter, offentlege verksemder og organisasjonar. 

Bjørnefjorden Næringsutvikling ønskjer særleg å stø tiltak som skapar nettverk og samarbeid mellom verksemder og organisasjonar på tvers av kommunegrensene. Sidan dei kommunane er plasserte i ulike virkemiddelsoner, betyr det m.a. at verksemder i Os berre kan få tilskot dersom det aktuelle tiltaket er i tråd med fylkeskommunen sine satsingsområde og i tillegg har betydning for næringslivet i Bjørnefjordsregionen utover den einskilde kommune. For Fusa og Samnanger gjeld andre reglar. 

Midlane frå næringsfondet skal nyttast til - Felles bedriftsutviklingstiltak og - Regionale tiltak.

Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift. 

Det er utarbeidd eige søknadsskjema. Her er det og gjort nærare greie for kva det kan søkjast om midlar til. Søknadsskjemaet finn du i menyen til høgre på sida. Ta gjerne kontakt med næringsansvarleg i kommunen din dersom det er spørsmål.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.03.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Kjerneside (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering