Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kampanje for fjerning av bilvrak

Fylkesmannen oppmodar alle kommunar i Hordaland om å arbeida for å få fjerna bilvrak langs vegar og i naturen. Samnanger kommune ber om at alle som har bilvrak ståande, fjernar desse innan 01.05.2012.

Frå mai 2012 vil kommunen nytta gjeldande lovverk aktivt for å få fjerna bilvrak som eigar ikkje har fjerna sjølv. 

Bilvrak skal leverast til godkjende mottak. Det er fem mottak i Hordaland, mellom anna i Bergen, Lindås og Voss. 

Utfyllande informasjon finn du i brev frå Fylkesmannen datert 15.11.2011, som kan lastast ned nedanfor.      


Utdrag frå brev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 15.11.2011:

"Fylkesmannen oppfordrar kommunane til å bruke regelverket for å fjerne bilvrak. Bilparken i fylket aukar og det er viktig at returordningane fungerar godt. Det er eit aukande problem at uregistrerte bilar vert ståande til fare for miljøet og til sjenanse for omgjevnadane både i tettstadane og ute i naturen.

Bilar som står avskilta både langs veg og utanfor veg og som ikkje fungerar vil fort verte rekna som avfall. Både avskilta bilar og bilvrak kan fjernast med heimel anten i vegtrafikklova eller i forureiningslova. Det vil her vere viktig med eit godt samarbeid mellom kommunen, politiet, Statens vegvesen og parkeringsetatane."





Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 16.02.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering