Teknisk forvaltning

Teknisk forvaltning har ansvar for diverse oppgåver knytt til mellom anna arealplanlegging, byggesaker, eigedomsregister, kart, prosjektering og byggeleiing og forureiningsvern. 

Med verknad frå 01.01.2020 er teknisk forvaltning omgjort frå eining til avdeling. Teknisk forvaltning er frå denne datoen ein del av eining for samfunnsutvikling.  
 

Hovudoppgåver for teknisk forvaltning:

  • Arealplanlegging og byggesakshandsaming, frådelingar
  • Eigedomsforvaltning
  • Nykartlegging og vedlikehald av kart, kartforretningar, adressetildeling
  • Brannvern, feiing, forureiningsvern og redningsteneste
  • Planlegging/prosjektering og utføring av nyanlegg og nybygg.
  • Prosjektleiing og byggeleiing.
  • Rettleiing, forvaltning, konsesjonshandsaming m.v. innanfor miljø, jord- og skogbruk
Sist endra 02.01.2020