Tilskot vilt- og fiskeriforvaltning

Det er høve til å søkja kommunen om tilskot til tiltak innan vilt- og fiskeforvaltning og friluftsliv. Denne tilskotsordninga vert finansiert av BKK (Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap), som eit av vilkåra i konsesjonen deira for Samnangervassdraget. 

Det er kommunen si Vilt- og innlandsfiskenemnd som handsamar slike søknader. Søknader skal skrivast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

Nærare opplysningar om ordninga får du ved å venda deg til eining for kultur.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.11.2019