Nærare informasjon om sosialtenesta:
Sosialtenesta skal fremja økonomisk og sosial tryggleik, betra levekår for personar som har det vanskeleg, bidra til auka likeverd og likestilling og å førebyggja sosiale problem. Tenesta skal også syta for at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, og å ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Målgruppa er alle vaksne over 18 år i Samnanger kommune.
Sosialtenesta skal yta økonomisk sosialhjelp utifrå til ei kvar tid gjeldande satsar i kommunen, vedteke av kommunestyret.
Økonomisk sosialhjelp skal ytast når alle andre måtar å skaffa seg inntekt på er prøvd. Sosialhjelpa skal vera hjelp til sjølvhjelp som ei førebels yting og skal som hovudregel ikkje vera langvarig.
For å få sosialhjelp må ein søkja på eige skjema, og ein må fylla ulike vilkår etter Lov om sosiale tjenester.
I tillegg skal sosialtenesta gje råd og rettleiing, og driva med sosialt førebyggjande arbeid.
Sosialtenesta kan også vera innsøkjande instans i høve plass i ulike rus- og psykiatriinstitusjonar.
Sosialtenesta utarbeider også individuell plan i dei tilfella dette skal gjerast.
Sosialtenesta har mellom anna ansvaret for:
Nærare informasjon finn du i menyen til høgre på sida.