Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Følgjekort

Ordninga med følgjekort skal vere eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og dermed medverke til auka livskvalitet for den funksjonshemma. Ordninga med følgjekort vil omfatte personar som har ei funksjonshemming som vil vare minst 2-3 år. Sakshandsamar for søknader om følgjekort er avdelingsleiar for funksjonshemma.

Retningsliner for ordninga med følgjekort i Samnanger kommune finn du nedanfor. Søknadsskjema finn du i menyen til høgre på sida.  




Retningsliner for følgjekort for funksjonshemma
Retningsliner for Samnanger kommune, gjeldande frå 01.09.2004. 


1. Formål
Ordninga med følgjekort skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til auka livskvalitet for den funksjonshemma. Ordninga med følgjekort vil omfatte personar som har ei funksjonshemming som vil vare minst 2-3 år. Ordninga vert vedteken og administrert av bustadkommunen, men er gyldig for heile landet.

2. Funksjonshemming
Med funksjonshemming meiner ein at det er eit mishøve mellom individet sine føresetnader og krav frå miljøet og samfunnet si side til funksjon på område som er vesentlege for å etablere og halda ved lag eit sjølvstendig og sosialt tilvere.

3. Følgje
Følgje er den som til ei kvar tid er med den funksjonshemma for at denne skal kunna oppnå målet med ordninga.

4. Følgjekort
Eit følgjekort er eit dokument i form av eit kort som vert skrive ut til den funksjonshemma. Følgjekortet skal gje den funksjonshemma sitt følgje fritt tilgjenge til offentlege kultur - og fritidsarrangement som den funksjonshemma ikkje kunne ha delteke i eller nytta utan følgje. Følgjekortet vert skrive ut gratis, og nedre aldersgrense for søkjar er normalt 8 år.

5. Søknad
Den funksjonshemma søker Samnanger kommune på fastsett skjema om følgjekort. Søknaden skal innehalda passfoto. Samnanger kommune føreheld seg retten til å be om uttale frå lege / spesialist eller kommunen sin helseteneste dersom det er tvil om søkjar treng følgje.

6. Periode
Tildelingsperioden for følgjekort er 5 år. Det står på kortet kor lenge det er gyldig. Du må sjølv syta for ny søknad når kortet er gått ut på dato.

7. Bruksområde
Følgjekortet gjeld som tilgjenge til aktivitetar, bygningar, med meir som aksepterar ordninga. Det offentleg fastsette symbolet skal vera sett opp på stader som aksepterar ordninga. Ordninga er landsdekkande og kan brukast over kommune - og fylkesgrensene.

8. Klage
Vedtak om å innvilga eller avslå søknad om følgjekort vert å sjå på som enkeltvedtak. Dette vedtaket kan med heimel i Forvaltningslova §28, 2. ledd klagast inn til det kommunale klageorganet.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 16.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 57
Mobil :
97 61 44 20
E-post :
birthe.skar-moum@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar for funksjonshemma
Bunnhjørne
Tenestetilbod Samnanger (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering