Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Tenester for funksjonshemma

Bufellesskapet på Skottabakken flytta i november 2017 midlertidig til ei avdeling på Samnangerheimen. Flyttinga er i samband med riving og bygging av nytt senter på Skottabakken. Etter midlertidig drift skal alle bebuarar flytta tilbake til Skottabakken. Planlagt innflytting er våren 2020. 

Tenester for funksjonshemma driftar Skottabakken bufellesskap med 7 bebuarar. Skottabakken ligg sentralt til i Samnanger med gangavstand til buss, butikk og kafe. I tillegg yter me tenester til personar med nedsett funksjonsevne som bur heime med foreldre eller i eigen bustad. Tenestene me yter er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester og er behovsprøvde ut frå den enkeltes funksjonsnivå og behov.
 
Døme på tenester er støttekontakt, brukarstyrt personleg assistanse, besøksheim, avlastning i institusjon, arbeid, praktisk bistand, heildøgnsteneste, følgjekort. Dersom brukarar har behov samansatte og koordinerte tenester har dei også rett til eigen koordinator og individuell plan.

Me samarbeider med dei fleste andre einingar i kommunen og eksterne partar som vidaregåande skular, BUP, habiliteringstenesta, NAV, Storeholmen (Hardanger AKS), Asvo Fusa, Bjørkhaug arbeidsfellesskap og andre private og offentlege aktørar. Me samarbeider der det er nyttig for kvar enkelt brukar. Me skal yte sørvis til våre innbyggjarar med behov for våre tenester.

Tenester for funksjonshemma er bemanna med vernepleiarar, sjukepleiar, ergoterapeut, sosionom, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, barne- og ungdomsarbeidar og pleiemedarbeidarar.

Saman med kulturskulen har bebuarar ved Skottabakken bufellesskap og heimebuande brukarar kvar veke øving i band: TuttiFrutti. Vi har også fysisk aktivitet i gymsalen på barneskulen.

Me har også samarbeid med Kvam og Bjørnafjorden kommunar om klubb, ein populær og kjekk fritidsaktivitet med godt og variert innhold.

Det er for tida under bygging eit nytt bu- og aktivitetssenter, me treng fleire og oppgraderte leiligheter og nytt fellesareal.

I Samnanger kommune er det eget råd for personar med nedsett funksjonsevne. Leiar for rådet er Gunnar Utskot, øvrige medlemmar er Monica Tjønna og Henrik Røen.

Dersom du har spørsmål om våre tenester, søknadsprosess eller andre spørsmål kan du kontakte einingsleiar per telefon eller på epost.


Søknadsskjema
Nedanfor kan du lasta ned søknadsskjema for tenester frå eining for funksjonshemma: 
 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.12.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 50 / 56
E-post :
janne.drevsjo@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar pleie og omsorg
Bunnhjørne
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering