Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Hjelpemiddel til funksjons-/rørslehemma

Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling av tekniske hjelpemidlar til funksjonshemma og tolketenesta for døve og døvblinde. Personar som har varig og vesentleg innskrenka funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan få stønad til hjelpemiddel frå folketrygda.

 

Kontaktinformasjon hjelpemiddel:

Kontaktpersonar :

Kontaktperson for hjelpemiddel er fysioterapaut Åse Waage Tveit, telefon 56589107 / 916641497.

Kontaktperson i samband med utlån frå korttidslageret er Marit Lønnebakken, eining for pleie og omsorg, telefon 56589850.

Hørselskontaktar: Marit Trengereid og Oddveig Haugen, eining for pleie og omsorg, tlf. 56589850.

Besøksadresse

Samnangerheimen

Søknadsskjema:

Søknadsskjema får ein ved å venda seg til pleie og omsorg v/Marit Lønnebakken. 

 


Korttidsutlån
Har ein behov for hjelpemiddel ein kortare periode, kan ein få låne det frå kommunen sitt korttidslager. Enkle hjelpemidlar som for eksempel krykker som du har behov for i samband med forbigåande sjukdom, kjøper ein i helsebutikk / apotek.

Langtidsutlån
Ved varig behov for hjelpemiddel (over 2 år), søkjer ein hjelpemiddelsentralen i Hordaland om varig utlån på eige søknadsskjema, eventuelt med tilleggsskjema. Skjema finn ein på NAV skjemaveiledar. Meir informasjon om varig utlån finn ein på NAV. Kontaktperson for Hjelpemiddel kan hjelpa med søknad, vurdering og utprøving.

Syns- og audiopedagogiske hjelpemiddel
Ved behov for hjelpemiddel innan syn og hørsel (meir avanserte) kan ein henvende seg til
Syns og audiopedagogisk senter (følg lenka)

Utlevering av hjelpemiddel
Hjelpemiddel som er innvilga vert levert heim til lånetakar dersom ikkje låntakar sjølv hentar dei på Samnangerheimen.

Tilbakelevering av hjelpemiddel
Hjelpemiddel som ikkje er i bruk skal leverast tilbake til Hjelpemiddelsentralen (HMS) eller kommunalt lager. Ta kontakt med kontaktperson, eller sekretær på Samnangerheimen som avtalar henting / innlevering av hjelpemiddel.

Reparasjon av hjelpemiddel
Enklare reperasjonar tek vedlikehaldsarbeidar i kommunen seg av. Meir kompliserte reperasjonar og reperasjonar av elektromedisinskutstyr er hjelepmiddelsentralen sitt ansvar. Ta kontakt med kontaktperson, Samnangerheimen eller direkte med HMS.

Akutt trong for reperasjon av hjelpemiddel utlånt frå HMS
Ta direkte kontakte med HMS for rask reperasjon av hjelpemidlet.
Telefon: 53 04 03 00 (09.00 – 14.30)
Dersom du har akutt behov for hjelp utanom opningstid kan du ta kontakt med akuttvakta:
Tekniske tenester: 992 02 355
Tolkehjelp: 994 81 810


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 29.11.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 91 07
Mobil :
91641497
E-post :
ase.tveit@samnanger-helsetun.no
Tittel :
Kommunefysioterapeut
Bunnhjørne
Telefon :
56 58 98 50
E-post :
marit.lonnebakken@samnanger.kommune.no
Tittel :
Sekretær
Bunnhjørne
Tenesteeining/avdeling (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering