Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Omsorgsløn

Hovudføremålet med omsorgslønordninga er å bidra til best mogeleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjera det mogeleg for private omsorgsytarar å halda fram med omsorgsarbeidet

Kontaktinformasjon omsorgsløn:

Kontaktperson:

Reidun Abotnes
 

Tlf.nr.

56 58 98 50

 

I Lov om helse- og omsorgstenester § 3-6 står:

"Kommunen skal ha tilbod om omsorgsløn til personar som har særleg tyngande omsorgsarbeid."

Søknadsskjema:
Søknad må sendast skriftleg til pleie og omsorgseininga. Søknadsskjema finn du i menyen til høgre på sida.

Vedtak / kriterier for vedtak:
Vedtak om omsorgsløn skal fattast ut frå følgjande kriteriar som vart godkjende av utval for oppvekst og omsorg den 04.04.2002.

Samnanger kommune innfører omsorgsløn etter følgjande retningsliner.
 

  1. Omsorgsoppgåvene skal vera særleg tyngjande.
  2. Omsorgsoppgåvene skal gjelde nødvendige omsorgsoppgåver.
  3. Omsorg frå søkjar er det beste for den som treng hjelp.
  4. Kommunen sine ressursar.
  5. Omsorgsgjevar må slutte i sitt vanlege arbeid, må arbeide mindre enn før eller ikkje kan begynne i vanleg stilling.
  6. Løna vert utbetalt som heimehjelpsløn.
  7. Løna vert utbetalt kvar månad, avgrensa oppad til 50% av full stilling som heimehjelpar.
  8. Det vert inngått omsorgskontrakt med omsorgsytar. Kontrakten skal innehalde omfang, tidsavgrenising og rettar og plikter.
  9. Inntaksnemnda vedtek tildeling av omsorgsløn, enkeltvedtak.
  10. Kommunen kan krevje at den som treng omsorg søkjer om hjelpestønad før søknad om omsorgsløn vert behandla. I-42/98 pkt. 5.2


I tillegg syner ein til rundskriv I-42/98 pkt 3.1 Om omsorgsarbeidet er særleg tyngande.

Rettningslinene skal ikkje erstatta lova men sjåast i samanheng med den. Dei momenta som er lista opp er ikkje absolutte vilkår for å få omsorgsløn. Kommunen kan derfor tilby omsorgsløn sjølv om ingen eller berre få av momenta ligg føre i den saka det gjeld.



Diverse informasjon om omsorgsløn:

 

  • Ein har ikkje rettskrav på omsorgsløn
  • Omsorgsløn er inntekt og vert skattelagd på same måte som anna lønnsinntekt.
  • Mottakar av omsorgsløn har ikkje rett på sjukepengar for dei to første vekene ein er sjuk. Alle som yter omsorg opparbeider seg pensjonspoeng, uavhengig om dei får utbetalt omsorgsløn eller ikkje. Krav om omsorgspoeng skal setjast fram for trygdekontoret.


Klage på vedtak
Klagefrist 3 veker. Eventuell klage på vedtak om omsorgsløn skal sendast til: 

Samnangerheimen
Tyssevegen 97
5650 Tysse


Fastsetjing av omsorgsløn
Kommunestyret vedtok 22.06.2011 satsar for omsorgsløn i Samnanger kommune, samt reglar for regulering av satsar for omsorgsløn.  

Med verknad frå 01.01.2017 skal omsorgsløn reknast ut frå årsløn i full stilling på kr 282.000. Beløpet vert regulert årleg i samsvar med generell lønsauke i offentleg sektor.  

I Samnanger kommune er grensa for maksimal utbetaling sett til 50% av løn i 100% stilling. Betalingssatsar pr. 01.01.2017 framgår av tabellen nedanfor.  

 

Prosent Brutto pr. mnd.
10% kr. 2.350,-
15% kr. 3.525,-
20% kr. 4.700,-
25% kr. 5.875,-
30% kr. 7.050,-
35% kr. 8.225,-.
40% kr. 9.400,-
45% kr. 10.575,-
50% kr. 11.750,-

Omsorgsløn vert innvilga for inntil 1 år om gongen.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 15.05.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 50 / 56
E-post :
janne.drevsjo@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar sjukeheim
Bunnhjørne
Telefon :
56 58 98 50
E-post :
reidun.abotnes@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar heimetenester
Bunnhjørne
Tenesteskildringar (1)
Planar, reglement, vedtekter (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering