Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Økonomisk krisehjelp/sosialhjelp

Søknader om økonomisk krisehjelp:
Søknader om økonomisk krisehjelp må innleverast til NAV Samnanger seinast kl. 13.00 for å kunne verta handsama same dagen.


Økonomisk sosialhjelp

Søknad og sakshandsaming
Søknad om økonomisk sosialhjelp skal skje skriftleg på eige skjema som ein kan få hos NAV Samnanger (skjemaet kan også lastast ned i menyen til høgre på sida). NAV Samnanger syter og for hjelp og orientering. Der er innført ei sakshandsamingstid på 10 dagar for handsaming av søknad om sosialhjelp etter Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen §§ 18 og 19.  NAV Samnanger syter for kvalitetssikringsrutinar for utbetaling av sosialstønad. Det vert krevd nødvendig dokumentasjon frå søkjar, så som bankkontoutskrift og ulike stadfestingar mellom anna frå NAV eller fastlege.

Økonomisk sosialhjelp er eit minstenivå for å dekka naudsynte livsopphaldsutgifter. Det kan verta utbetalt heil eller delvis sosialhjelp avhengig av om søkjar manglar inntekter eller om desse ikkje strekk til. Kvar søkjar skal vurderast individuelt med fastsette satsar som rettleiande normer.

Etter Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 18 skal økonomisk sosialhjelp verta gjeve til den som ikkje er i stand til å syta for sitt eige livsopphald. I særskilde tilfelle kan økonomisk sosialhjelp verta gjeve etter same lova § 19 til den som treng hjelp til å overvinna eller tilpassa seg ein vanskeleg livssituasjon. Det kan og setjast vilkår for tildeling av økonomisk sosialhjelp etter § 20. Det kan og for nokre stillast vilkår om at mottakaren skal utføra passande arbeidsoppgåver i kommunen så lenge ein mottek stønad.


Satsar og retningsliner for økonomisk sosialhjelp
Satsar og retningsliner for utbetaling av økonomisk sosialhjelp i Samnanger kommune finn du i menyen til høgre på sida.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 04.08.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Planar, reglement, vedtekter (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering