Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Heimehjelp/praktisk bistand i heimen

Heimehjelp og praktisk bistand vert gjeve til personar som er heilt avhengige av hjelp til dei praktiske gjeremåla i kvardagen.

Tenesta skal medverka til at brukaren greier mest mogleg sjølv og blir minst mogleg avhengig av hjelp frå andre. Døme på oppgåver ein kan få heimehjelp til er reingjering, klesvask og handling. 
 

Kontaktinformasjon heimesjukepleie og praktisk bistand:

Postadresse:

Heimetenester

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

Sentralbord:

56 58 98 50

Vakttelefon:

95 78 04 70

Besøksadresse:

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

 

Einingsleiar heimetenester:

Reidun Abotnes

56 58 98 55

Sakshandsamar: 

Linda Tveit

56 58 98 53

Dagsenter:

Anne Karin Røsseland

56 58 98 50

Fysioterapeut:

Åse Waage Tveit

91 64 14 97



Omfang og betalingssatsar
Vanleg nivå på heimehjelp i Samnanger er 1-2 timar kvar 14. dag, men det skal gjerast ei individuell vurdering ved kvar søknad.

Eigenbetalinga følgjer Samnanger kommune sine satsar for heimehjelp, slik dei går fram av kommunen sitt betalingsregulativ, som er vedteke av kommunestyret. Satsane vert justerte 1. januar kvart år.

Heimehjelp er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.


Søknadsskjema:
Søknadsskjema (felles søknadsskjema for pleie og omsorgstenester) finn du i menyen til høgre på sida. Søknad må sendast skriftleg til pleie og omsorgseininga.


Heimesjukepleie/praktisk bistand i heimen  -  Informasjon ved vedtak
Eining for pleie og omsorg har utarbeidd eit informasjonsbrev til personar som har fått innvilga heimesjukepleie eller praktisk bistand i heimen (heimehjelp) og deira næraste pårørande. Der finn ein diverse praktisk informasjon til brukarar av desse tenestene. Innhaldet i brevet er også lagt ut her på kommunen si heimeside:



Tilrettelegging av heimen for tilsette i heimetenesta
Når brukar av heimetenesta tar imot hjelp, blir heimen automatisk den tilsette sin arbeidsplass. Den tilsette skal kunne utføre arbeidet sitt på ein sikker og forsvarleg måte. Det betyr at heimen i utgangspunktet skal innreiast/tilretteleggjast slik at det kan ytast hjelp utan at arbeidet medfører uheldige belastningar og/eller skade på arbeidstakarane. Dette er heimla i Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern § 4-1 og 4-4.

Viktige tilhøve for at dei tilsette skal ha gode arbeidsforhold er:

  • At det er gode hjelpemidlar på plass i heimen der det er behov (eks; sykeseng, toalettstol, handtak på veggene, rullator, personløftar osv
  • At det er utstyr til reinhald (eks; støvsugar, bøtte/langkost, vaskemiddel, vaskemaskin og klutar)
  • At det er mogeleg å rydda vekk møblar for å letta reinhaldet/pleien
  • At husdyr er ute i band (eller inne på eige rom) når den tilsette kjem
  • At det ikkje vert røykt tobakk medan den tilsette er der (bør og ha lufta før den tilsette kjem)
  • At det er nok lys til å utføra arbeidet
  • At utelyset er tent når det er mørkt
  • At det der det er mogeleg vert måka/strødd om vinteren
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.01.2017

Heimehjelp/praktisk bistand - diverse spørsmål og svar

Heimehjelp/praktisk bistand - diverse spørsmål og svar

Heimehjelp/praktisk bistand - diverse spørsmål og svar
Kor ofte kan eg få heimehjelp?

Vanleg nivå på heimehjelp i Samnanger er 1-2 timar kvar 3 veke. Kvar søknad vert vurdert individuelt.

Kva kan eg få hjelp til?
Reingjering av rom som er i dagleg bruk: stove, kjøkken, soverom, bad og gang. Vask av klede i vaskemaskin, evt oppheng av klede på innvendige stativ. Sengereiing og skifte av sengetøy. Reingjering av kjøleskap og mikrobølgeomn. Vindusvask 1 gang pr år i rom som er i dagleg bruk. Innkjøp av matvarer i næraste butikk, der ein ikkje tilbyr utkøyring av varer, og hjelp til bestilling av varer. Tillaging av brødmåltid. Å bestilla og varma opp middag. Opplæring/rettleiing i daglege gjeremål. Reingjering av reinhaldsutstyr. Døme på oppgåver ein kan få heimehjelp til er tyngre husarbeid som reingjering, støvtørking, klesvask og handling. Det skal gjerast individuell vurdering ved kvar søknad. Du får hjelp etter vedtak.
Kan de reparera klede?
Nei, dette inngår ikkje i heimehjelptenesta.
Kan de handla klede, sko, kaffitraktar, vaskemaskin o.l.?
Nei, dette inngår ikkje i heimehjelptenesta, men me kan hjelpa deg med å få hjelp til slike ting.
Kan de måka snø, bera ved, skifta lyspære eller røykvarslarbatteri?
Nei, dette inngår ikkje i heimehjelptenesta
Kan de vaska vindaugo mine?
Du kan få hjelp til å vaska vindauge 1 gong pr år i rom som er i dagleg bruk.
Kan de bestilla legetime, frisørtime, fotpleietime?
I dei tilfella der ein ikkje klarer det sjølv, eller pårørande ikkje har høve, kan heimesjukepleien hjelpa med dette.
Kan de følgja til aktivitetar? (tiltak for for funksjonshemma)
Følgje til aktivitetar er ei støttekontaktoppgåve.
Korleis søkjer ein om heimehjelp?
Søknad om heimehjelp skal sendast skriftleg til eining for pleie og omsorg. Før søknad vert behandla tek vi eit heimebesøk for å vurdera behovet.
Kan eg klaga på vedtaket?
Søkjar kan klaga på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ønskjeleg, kan ein ta kontakt med eining for pleie og omsorg for å få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Kva kan eg ikkje få hjelp til?
Gardinvask eller storvask, kjellar- og loftsrydding, vask av skuffer og kjøkkenskap; pussing av sølv, kopar og messing; stryking/rulling av dukar, eller reparasjon av tøy; middagslaging i heimen; grasklipping; trappe-/gangvask i fellesareal; risting av tunge teppe; flytting av tunge møblar eller blomar; vedbering/snømåking.
Kva utstyr må vera tilgjengeleg i heimen når heimehjelpa kjem?
Støvsugar, moppestativ/mopp, reine klutar, miljøvenlege reinhaldsmiddel, vaskemaskin i god stand.
Må eg vera til stades når heimehjelpa er der?
Det vert ikkje ytt hjelp i heimen dersom brukar ikkje er til stades. Dersom brukar ikkje skal vera heime til avtalt dag, må det straks meldast frå til eininga (kontoret på Samnangerheimen).
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 50 / 56
E-post :
janne.drevsjo@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar sjukeheim
Bunnhjørne
Telefon :
56 58 98 50
E-post :
reidun.abotnes@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar heimetenester
Bunnhjørne
Kommunale avgifter, skattar og gebyr (1)
Planar, reglement, vedtekter (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering