Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Heimesjukepleie

Personar som er heimebuande, og som har behov for pleie og tilsyn, kan få tilbod om heimesjukepleie.

Kontaktinformasjon heimesjukepleie og praktisk bistand:

Postadresse:

Heimetenester

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

Sentralbord:

56 58 98 50

Vakttelefon:

95 78 04 70

Besøksadresse:

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

 

Einingsleiar heimetenester:

Reidun Abotnes

56 58 98 55

Dagsenter:

Anne Karin Røsseland

56 58 98 50

Fysioterapeut:

Åse Waage Tveit

91 64 14 97



Oppgåver som heimesjukepleien kan hjelpa med er personleg hygiene, medisintillaging, sårstell og tilsyn.

Behov for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg til pleie- og omsorgsavdelinga i det området der du bur. Før søknaden eventuelt vert innvilga, vil det verta gjennomført heimebesøk for å vurdera behovet.

Tenesta er gratis.

Heimesjukepleie er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.


Søknadsskjema:
Behovet for heimesjukepleie kan meldast munnleg eller skriftleg til pleie- og omsorgseininga. Søknadsskjema (felles søknadsskjema for pleie og omsorgstenester) finn du i menyen til høgre på sida.  


Heimesjukepleie/praktisk bistand i heimen  -  Informasjon ved vedtak
Eining for pleie og omsorg har utarbeidd eit informasjonsbrev til personar som har fått innvilga heimesjukepleie eller praktisk bistand i heimen (heimehjelp) og deira næraste pårørande. Der finn ein diverse praktisk informasjon til brukarar av desse tenestene. Innhaldet i brevet er også lagt ut her på kommunen si heimeside:



Tilrettelegging av heimen for tilsette i heimetenesta

Når brukar av heimetenesta tar imot hjelp, blir heimen automatisk den tilsette sin arbeidsplass. Den tilsette skal kunne utføre arbeidet sitt på ein sikker og forsvarleg måte. Det betyr at heimen i utgangspunktet skal innreiast/tilretteleggjast slik at det kan ytast hjelp utan at arbeidet medfører uheldige belastningar og/eller skade på arbeidstakarane. Dette er heimla i Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern § 4-1 og 4-4.

Viktige tilhøve for at dei tilsette skal ha gode arbeidsforhold er:

  • At det er gode hjelpemidlar på plass i heimen der det er behov (eks; sykeseng, toalettstol, handtak på veggene, rullator, personløftar osv
  • At det er utstyr til reinhald (eks; støvsugar, bøtte/langkost, vaskemiddel, vaskemaskin og klutar)
  • At det er mogeleg å rydda vekk møblar for å letta reinhaldet/pleien
  • At husdyr er ute i band (eller inne på eige rom) når den tilsette kjem
  • At det ikkje vert røykt tobakk medan den tilsette er der (bør og ha lufta før den tilsette kjem
  • At det er nok lys til å utføra arbeide
  • At utelyset er tent når det er mørkt
  • At det der det er mogeleg vert måka/strødd om vinteren
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.06.2017

Heimesjukepleie - diverse spørsmål og svar

Heimesjukepleie - diverse spørsmål og svar

Heimesjukepleie - diverse spørsmål og svar
Kan de køyra meg til butikken?
Transport inngår ikkje i tenesta til heimesjukepleien. Heimesjukepleien skal ikkje nytta leasingbilar til transport av brukarar.
Kan de gå i banken for meg/ta ut pengar for meg
Dette er ikkje innan heimetenesta sitt mynde. Om du treng slik hjelp, må du ha økonomisk hjelpeverje.
Kan de hjelpa med å betala rekningar?
Dette er ikkje innan heimetenesta sitt mynde. Om du treng slik hjelp, må du ha økonomisk hjelpeverje.
Kan de følgja til lege?
Normalt skal pasienten sjølv ordna med følgje og transport til legekontoret, evt. pårørande. I spesielle tilfelle der ein vurderer det fagleg hensiktsmessig kan det gjerast avtale om at pleiar følgjer.
Korleis kan mor/far koma seg på sjukeheimen (transport)?
Drosje eller eventuelt at pårørande køyrer. Ambulansetransport når det er nødvendig.
Kan de bestilla legetime, frisørtime, fotpleietime?
I dei tilfella der ein ikkje klarer det sjølv, eller pårørande ikkje har høve, kan heimesjukepleien hjelpa med dette.
Kan de følgja til aktivitetar? (tiltak for for funksjonshemma)
Følgje til aktivitetar er ei støttekontaktoppgåve.
Kven kan søkja om heimesjukepleie?
Alle kan søkja om heimesjukepleie, men ikkje alle har rett på tenesta. Det må føreliggja eit reelt behov for nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie.
Kven får tildelt heimesjukepleie?
Heimesjukepleie blir tildelt personar som grunna funksjonshemming, alder eller sjukdom er heilt avhengig av personleg hjelp for å kunna bli buande heime. Ektefelle har ikkje plikt på seg etter lovverket til å pleia sin ektefelle ved funksjonshemming eller varig sjukdom.
Korleis søkjer ein om heimesjukepleie?
Behov for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg eining for pleie og omsorg, eller til Samnanger kommune kommune. Søknadsskjema kan lastast ned frå heimesida til Samnanger kommune. Søknad eller oppmoding om hjelp kan komma frå den hjelpetrengjande sjølv, frå pårørande eller lege.
Korleis vert søknaden handsama?
Sjukepleiar kjem på heimebesøk for å kartleggja behovet for hjelp før vedtak om tildeling av tenester vert fatta. Handsamingstid?? Du får skriftleg melding om vedtaket.
Kan eg klaga på vedtaket?
Søkjar kan klaga på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ønskjeleg, kan ein ta kontakt med eining for pleie og omsorg for å få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til helseavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.
Kva kostar heimesjukepleie?
Tenesta er gratis.
Kva kan eg få hjelp til frå heimesjukepleien?
Oppgåver som heimesjukepleien kan hjelpa med er personleg hygiene, medisintillaging, sårstell og tilsyn. Tenesta kan innhalda dagleg hjelp til å stå opp og leggja seg og til toalettbesøk. Hjelp til dusj/bad/hårvask ca x 1 pr veke. Hjelp til tillaging av brødmåltid ved behov. Hjelp til å eta/drikka. Hjelp til sårskift/observasjon av sår. Hjelp til smertelindring/lindrande behandling og pleie ved livets slutt. Hjelp til å ta kontakt med lege ved behov. Hjelp til å organisera transport til lege, sjukehus og tannlege.
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 50
E-post :
reidun.abotnes@samnanger.kommune.no
Tittel :
Einingsleiar heimetenester
Bunnhjørne
Tenesteskildringar (1)
Planar, reglement, vedtekter (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering