Tryggleiksalarmar

Samnanger kommune har avtale med Hjelp 24 Trygghetsalarm AS
(tidlegare Falken og Lev Vel Helse) om utleige av tryggleiksalarmar til brukarar som treng dette.

Kontaktinformasjon tryggleiksalarmar:

Kontaktpersonar:

Reidun Abotnes
(NORD  -  frå Haga til kommunegrensa mot Bergen og Os)

Janne Drevsjø 
(SØR  -  frå Haga til kommunegrensa mot Kvam og Fusa)

Tlf.nr.

56 58 98 50


Søknad:
Søknad om tryggleiksalarm vert å senda skriftleg til pleie og omsorgseininga. Søknadsskjema finn du i menyen til høgre på sida.

Betaling:
Eigenandelen for leige av tryggleiksalarm følgjer Samnanger kommune sine fastsette satsar.

Klage:
Søkjar kan klaga på vedtak om tryggleiksalarm. Ein eventuell klage skal sendast til:

Samnanger kommune
Samnangerheimen
5650 Tysse


Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 03.01.2013