Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Vil du verta meddommar eller lagrettmedlem?

Det skal oppnemnast nye meddommarar og lagrettmedlemmer frå Samnanger. Interesserte må melda frå til kommunen innan 02.04.2012.

Kommunestyret i Samnanger skal oppnemna nye meddommarar til tingretten, lagretten, jordskifteretten og koma med framlegg til skjønnsmedlemmer for perioden 2013 – 2016.
Meddommarar og skjønnsmenn (meddommarar i samband med rettsleg skjønn) skal møta i anten Tingretten, Lagmannsretten eller Jordskifteretten.

Meddommarane skal representera eit tverrsnitt av innbyggjarane, det vil seia alle aldrar, begge kjønn, forskjellig utdanning og yrkesbakgrunn, ulik etnisk og kulturell bakgrunn. Dei skal saman med fagdommarar med juridisk utdanning vera med på å ta avgjerder i rettssaker.

Kan du tenkja deg denne viktige samfunnsoppgåva ?  - meld di interesse innan 2.april.

For å vera meddommar må du:

  • Ha røysterett og vera registrert i folkeregisteret i Samnanger
  • Vera mellom 21 og 70 år
  • Vera personleg eigna og helst ha lyst på vervet
  • Ha gode nok norskkunnskapar
  • Ha plettfri vandel 


Me oppmodar spesielt yngre personar om å vurdera denne oppgåva!

Vervet er ei samfunnsplikt, og gjev normalt fri frå ordinært arbeid. Det vert gjeve godtgjersle for eventuelt trekk i løn. For meddommarar utan lønna arbeid vert det utbetalt ei mindre godtgjersle. Ordninga vert administrert av domstolane.
Finn meir informasjon på: http://www.domstol.no/lekdommer

Dersom du har interesse for å verta meddommar, send e-post: adm@samnanger.kommune.no
eller brev til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse - med følgjande opplysningar:

  • Namn, adresse og postnummer
  • Fødselsnummer (11 siffer)
  • Telefon - mobil
  • E-post
  • Utdanning /yrke
  • Noverande stilling


Frist for å melda di interesse for dette valet er måndag 02.04.2012

Kontaktperson for spørsmål er politisk sekretær Magda Haugen
e-post: magda.haugen@samnanger.kommune.no , tlf. 56587400

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 20.03.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering