Gratis vidaregåande undervisning for vaksne

Hordaland fylkeskommune tilbyr gratis undervisning på vidaregåande nivå for vaksne. Kursstart i januar 2012. Tilbodet gjeld primært vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare.
Følgjande kurs startar i januar 2012:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget,  undervisning måndag + annankvar torsdag frå 16. januar 2012 kl. 17.00 - 20.00 på Lønborg videregående skole, tlf. 55 25 49 00
  • Helsearbeidarfaget, undervisning tysdagar frå 10. januar 2012, dagtid - på Lønborg videregående skole, tlf. 55 25 49 00
  • Malarfaget, undervisning tysdagar kl. 08.00 - 15.30 på Årstad videregående skole, tlf. 55 59 50 00. Oppstart januar 2012.  
  • Tannhelsesekretær, praktisk/teoretisk undervisning torsdagar, dagtid, frå medio januar 2012 på Åsane videregående skole, tlf. 55 95 69 00

Sjå www.hordaland.no/vo for meir informasjon.

Vaksne kan frå det året dei fyller 25 år ha rett til gratis vidaregåande utdanning dersom dei ikkje har fullført dette tidlegare (vaksenrett, Opplæringslova §4A - 3.). Den som ikkje oppfyller desse vilkåra kan få tilbod dersom det er plass. Det er ei føremon at ein har praksis frå faget før ein tek til med teoriundervisninga.

Dette betyr m.a. at den som arbeider innanfor eit yrke ein ønskjer fagbrev i, kan få gratis teoriundervisning i faget. Etter kurset og med bestått eksamen kan ein gå opp til fagprøven dersom ein har nok praksis i faget.

For meir informasjon om kurs, vaksenrett og vidaregåande utdanning for vaksne, sjå www.hordaland.no/vo

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Hovudside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering