Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

40% stilling i fellestenestene på kommunehuset

(Internt utlyst stilling i Samnanger kommune)

Ei fast 40% stilling i fellestenestene på kommunehuset er ledig frå 01.01.2011.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.11.2010

Stillinga vil mellom anna innehalda følgjande arbeidsoppgåver

  • Arkivarbeid
  • Saksbehandling
  • Betjening av ekspedisjon/sentralbord
  • Mottak og utsending av post
  • Utsending av sakspapir til politiske møte
  • Diverse administrative oppgåver


Oppgåver og ansvarsområde vil til ein viss grad verta tilpassa etter kvalifikasjonane til den som vert tilsett i stillinga. Det er høve for deltidstilsette til å søkja på stillinga som stillingsauke.

Kvalifikasjonskrav for stillinga er relevant merkantil utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid. Det vert stilt krav om gode datakunnskapar. Det vert opna for at personar både på sekretærnivå og høgskulenivå kan søkja på stillinga.   

Nærare opplysningar v/stabssjef Jan Erik Boge på tlf 56 58 74 22.


Generelt:
Arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.  Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på Samnanger kommune sitt søknadsskjema som du kan få ved å venda deg til kommunen på tlf. 56587400,  eller ved å lasta det ned frå menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist:  16.11.2010.

  • Utskriftsvenleg versjon
Søknadsskjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering