Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Assistentar i skule/SFO og barnehage 2011/2012 (søkn.frist 03.06.2011)

1. Arbeidsstad f.t. ved Nordbygda barnehage:

  • Om lag 200% stilling – fast frå 08.08.2011
  • Nærare opplysningar ved einingsleiar Anne J. Fredriksen, tlf. 56589710/56587810 eller ass.styrar Aud L. Solvang, tlf. 56587810.


2. Arbeidsstad for tida ved Dråpeslottet barnehage, barneskulen/SFO eller ungdomsskulen:

  • Eventuelle delstillingar som måtte verta ledige fram mot starten av nytt skule- og barnehageår i august. 
  • Det er viktig at tilsette som ønskjer utviding av stillinga si, sender inn utfylt søknadsskjema med opplysningar om ønska stillingsauke innan søknadsfristen.  Alle detaljar rundt behovet for enkeltelevar eller barnehageborn for 2011/2012 er enno ikkje klare.  Tilsetjingsutvalet vil difor behandla saka i fleire rundar fram til alle stillingsbehov er dekka.


Konkurranserett ved interne utlysingar:
Det vert vist til Samnanger kommune sine personalvedtekter der det i pkt. 4.7.2 m.a. står:

  • I tillegg til fast tilsette kan òg mellombels tilsette som har hatt eit samanhengjande arbeidstilhøve til kommunen dei 6 siste månadene før utlysinga søkja ved intern utlysing.  Dette inkluderer også tilsette på 1-årig arbeidsavtale som ”ringjevikar”, d.v.s. personar som ikkje arbeider fast, men som etter arbeidsavtalen kan tilkallast ved behov.

Generelle opplysningar:
Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. 
Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du og få ved å ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00.


Søknadsfrist: 03.06.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 20.05.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering