Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Avdelingsingeniør / byggesakskonsulent (søkn.frist 25.03.2011)

Teknisk eining har ledig 100% stilling som avdelingsingeniør/ byggesakskonsulent. Stillinga er fast og ledig for snarleg tilsetjing.


Arbeidsoppgåver:
Du vil hovudsak arbeida innanfor bygge- og delingssaker etter plan- og bygningslova sine reglar, samt utøva byggekontroll. Matrikkelføring og ajourhald er tillagt stillinga. Ein må også pårekna å delta i andre arbeidsoppgåver i eininga.


Den me søkjer:
Me ser etter ein person med teknisk utdanning gjerne innan byggfag som har nokre års erfaring frå offentleg verksemd. Søkjarar med juridisk bakgrunn innanfor plan og bygningsrett er også aktuelle kandidatar. Søkjarar med relevant praksis, men med ein annan utdanningsbakgrunn er også velkomne til å søkja stillinga. Stillinga krev ein person med gode samarbeidsevner, gode munnlege og skriftlege framstillingsevner samt evne til å finna gode løysingar.


Me kan tilby:

  • Ein hektisk arbeidsplass med kollegaer med godt humør
  • Varierande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Fleksitid


Arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov- og avtaleverk.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med teknisk sjef, Kenth P. Opheim på tlf. 5658 7442.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 25.03.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 04.03.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering