Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Ledige stillingar

Avdelingsleiar for funksjonshemma (søkn.frist 30.04.2012)

Det er ledig inntil 100% fast stilling som avdelingsleiar for funksjonshemma frå 18.06.2012. Avdelingsleiar har ansvar for dagleg drift av tenester til personar med nedsett funksjonsevne i kommunen og er direkte underlagt pleie- og omsorgsleiar. Stillinga er tillagt berre dagvakter og består av både administrativt og fagleg arbeid. 

Viktige oppgåver/ansvarsområde i stillinga er mellom anna:

Personalansvar:

  • 12 stillingsheimlar fordelt på 2 bufellesskap
  • fritidskontaktar
  • BPA
  • turnus og vaktlister
  • opplæring og arbeidsavtalar
  • oppfølging av sjukemeldte
  • medarbeidarsamtalar

Administrativt:

  • delansvar budsjett
  • sakshandsaming
  • oppfølging av born / vaksne ( heimebuande ) med nedsett funksjonsevne i høve til arbeid, skule,  støttekontaktar, avlastning, besøksheim
  • kultur, fritidsaktivitetar og ferietilbod
  • ansvar for vedtak om tvang
  • ansvar for personalmøte
  • utlysning av stillingar
  • årsmelding

Fagleg:

  • kontakt med pårørande/sjukehus og andre.
  • deltek i ansvarsgrupper
  • medansvar for kvalitetssikring
  • at personalet har naudsynte godkjenningar og opplæring
  • prosedyrearbeid


Krav om 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har vidareutdanning i administrasjon og/eller leiarerfaring. Det vil verta lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av søkjarane. Søkjarar må ha førarkort for bil.

Nærare opplysningar om stillinga ved pleie og omsorgsleiar Grete Lill Hjartnes på tlf. 56589850.

Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. 

Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema) som du finn i menyen til høgre på sida. Søknader som blir skrivne på papirskjema, skal sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, må leggjast ved søknaden.


Søknadsfrist 30.04.2012

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.04.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering