Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Avdelingssjukepleiar (søkn.frist 01.02.2011)

Fast 100% stilling som avdelingssjukepleiar i eining for pleie og omsorg/Gruppe Nord.

Stillinga er ledig frå ca. 01.04.2011. Avdelingssjukepleiar har ansvar for den daglege drifta av tenestene i Gruppe Nord, både for institusjonstenester og heimetenester. Avdelingssjukepleiar er direkte underlagt pleie- og omsorgsleiar. Stillinga er tillagt berre dagvakter og består av både administrativt og sjukepleiarfagleg arbeid.


Sentrale oppgåver/ansvarsområde:
 
Sentrale oppgåver/ansvarsområde i stillinga er mellom anna: 

Personalansvar:

  • vaktlister
  • turnus
  • arbeidsavtalar
  • vurdera permisjonar
  • oppfølging av sjukemeldte


Administrativt:

  • budsjettansvar
  • skriva vedtak
  • ansvar for personalmøte
  • mottak og rettleiing av nytilsette
  • kontaktperson for farmasøytisk rådgjeving
  • varebestilling (medisinsk forbruksmateriell)
  • utlysing av stillingar
  • kontaktperson for TAF-elev
  • årsmelding
  • attestera rekningar


Sjukepleiarfagleg:

  • kontakt med pårørande/sjukehus og andre
  • medansvar for kvalitetssikring
  • inntaksnemnd
  • at personalet har naudsynte godkjenningar og opplæring
  • prosedyrearbeid
  • medansvar for kvalitetssikrininntaksnemnd

 
Ønska kvalifikasjonar:

  • sjukepleiarutdanning
  • vidareutdanning i administrasjon
  • leiarerfaring
  • gode datakunnskapar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne


Det vil verta lagt stor vekt på personlege eigenskapar hjå den som vert tilsett. 

Arbeids og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. Nærare opplysningar om stillinga ved pleie og omsorgsleiar Grete Lill Hjartnes på tlf. 56589858 / 56589850.

Søknad, vedlagt kopiar av vitnemål og attestar, vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida. 


Søkndsfrist 01.02.2011.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 31.01.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering