Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Avdelingssjukepleiar - vikariat (søkn.frist 20.10.2011)

Det vert ledig vikariat i 100% stilling som avdelingssjukepleiar i eining for pleie og omsorg/Gruppe Sør i perioden 01.02.2012 til 28.02.2013.
Avdelingssjukepleiar har ansvar for den daglege drifta av tenestene i Gruppe Sør, og er direkte underlagt pleie- og omsorgsleiar. Stillinga er tillagt berre dagvakter og består av både administrativt og sjukepleiarfagleg arbeid. Viktige oppgåver/ansvarsområde i stillinga er mellom anna:

Personalansvar:
  • vaktlister
  • turnus
  • arbeidsavtalar
  • vurdera permisjonar
  • oppfølging av sjukemelde

Administrativt:
  • budsjettansvar
  • sakshandsaming og tenestetildeling
  • ansvar for personalmøte
  • mottak og rettleiing av nytilsette
  • Iplos kontakt
  • Cosdoc ansvarleg
  • Totaltekstil
  • utlysning av stillingar
  • årsmelding
  • attestere rekningar
  • planlegging av ny sjukeheim

Sjukepleiefagleg:
  • kontakt med pårørande/ sjukehus og andre
  • medlem av inntaksnemnd
  • medansvar for kvalitetssikring
  • at personalet har naudsynte godkjenningar og opplæring
  • prosedyrearbeid

Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har vidareutdanning i administrasjon og/eller leiarerfaring. Det vil verta lagt stor vekt på personlege eigenskapar hjå den som vert tilsett.
Arbeids og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. Nærare opplysningar om stillinga ved pleie og omsorgsleiar Grete Lill Hjartnes på tlf. 56 58 98 58.

Søknad vedlagt kopi av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (elektronisk skjema eller papirskjema), som du finn i menyen til høgre på sida. Papirskjema kan du også få ved å venda deg til ekspedisjonen på kommunehuset.


Søknadsfrist 20.10.2011.



Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.10.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering