Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Brannkonstabel - deltidsstillingar (søkn.frist 25.03.2011)

Samnanger brannvesen har ledig 3 faste delstillingar som brannkonstabel.  Kvar stilling er på 0,82%.  To av stillingane er ledige straks, den tredje er ledig frå 01.08.2011.

Den som vert tilsett, må på sikt pårekna å vera med i ei 4-delt vaktordning i helgar og på høgtidsdagar.  Det er eit krav at søkjar bur i nærleiken av brannstasjonen på Tysse.  Det er vidare ein føremon at søkjar arbeider i Samnanger.

Søkjar som ikkje har relevant utdanning, må vera budd på å gjennomføra fastlagd opplæring for deltidsmannskap.

Aldersgrense for stillingane er 18 år. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.  I tillegg til løn for 0,82% stilling vert det utbetalt godtgjersle for bering av lommevarslar, for eventuelle vakter og for utrykkingar.

Nærare opplysningar om stillingane kan du få hos brannsjef Jan Ove Haga, tlf 90503039.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.  Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema (papirskjema eller digitalt skjema), som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist:  25.03.2011

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 11.03.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering