Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Ledige stillingar

Brannsjef, fast 100% stilling (søkn.frist 22.03.2013)

(2. gongs utlysing). Samnanger kommune har ledig stilling som brannsjef. Brannsjefen har det daglege leiaransvaret for brann- og feiarvesenet og er organisasjonsmessig underlagt einingsleiar for Teknisk eining.

Stillinga er delt i to, 50% stilling som brannsjef og 50 % stilling som feiar. Begge stillingsdelane omfattar både administrative og praktiske oppgåver.

Samnanger kommune sitt brann- og redningsvesen er eit deltidsbrannvesen med 17 personar. Med unnatak av brannsjefen har alle i brannvesenet små deltidsstillingar. Brannstasjonen er lokalisert sentralt på Tysse. Samnanger brannvesen har dei seinare åra oppgradert brannmannskapa sitt personlege utstyr samt utrykkingskøyretøy, og framstår som eit velfungerande brann- og redningsvesen.

Brannsjefen må delta i kommunen si vaktordning for brannbefal/utrykkingsleiarar. Brannbefala går for tida i 4-delt vaktturnus med heimevakt kvar 4. veke. I vaktvekene er det krav om at vakthavande brannbefal må opphalda seg i Tysse-området, for raskt å kunne møta på brannstasjonen ved alarm/utrykking.

Brannsjefen har også ansvar for drift av kommunen sin førstehjelpsbil. Dette omfattar mellom anna ansvar for å setja opp heimevaktturnus for personalet som bemannar førstehjelpsbilen utanom ordinær arbeidstid.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Me søkjer ein engasjerande og tydeleg person som kan arbeida sjølvstendig og som har vilje og evne til å ta ansvar.
  • Kompetanse i samsvar med krav i ”Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen” § 7-11 for brannsjef i kommune eller region med inntil 20000 innbyggjarar.
  • Erfaring frå brann- og redningsvesen, førarkort klasse B, C og C1 og kompetansebevis for utrykkingskøyretøy (kode 160).
  • Personlege eigenskapar og god fagleg kompetanse vil også verte tillagt stor vekt ved tilsetjing. I tillegg ynskjer me ein person med god framstillingsevne munnleg og skriftleg samt gode datakunnskapar.

Løn etter avtale. Tilsetjingsvilkår elles etter gjeldande lov- og avtaleverk.

For søkjarar som er busett utanfor Samnanger, kan kommunen hjelpa til med å skaffa husvære i heimevaktperiodane.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Teknisk sjef Kenth P. Opheim, på tlf 56 58 74 42.

Søknad vedlagt rettkjende kopiar av vitnemål og attestar vert å senda til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE. Skriv søknad på kommunen sitt søknadsskjema, som du finn i menyen til høgre på sida.


Søknadsfrist 22.03.2013
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.03.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering